Aurland kommune fekk tildelt 1 672 102 kr. Det er lagt vekt på frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Vestland fylkeskomme at midlane vert utlyst og fordelt raskt. Det er lagt opp til politisk handsaming i formannskapet innan utgangen av månaden og utlysinga vil vere tilgjengeleg kort tid etter dette. Spørsmål kring utlysinga kan rettast til næringsrådgjevar i Aurland kommune, Ingeborg Lysne på epost ingeborg.lysne@aurland.kommune.no eller mobil 46 78 23 85.
Ekstra løyving til kommunale næringsfond 2020
Vestland fylkeskommune fekk tildelt 75,3 mill. kr. frå Kommunal- og moderningseringsdepartementet, som skal fordelast på kommunane som eit tiltak mot koronakrisa. Hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon gjorde i møte 16.07.20 vedtak om å løyve midlar til kommunale næringsfond. Du kan lese meir fordelinga mellom kommunane i Vestland fylkeskommune her.