1. Flåmsbana stengd torsdag 31. oktober
    Flåmsbana vil halde stengt heile torsdagen grunna vêret. Reisande oppmodast om å sjekke status for togtrafikken dei næraste to dagane.
     
  2. Stenging av vegar og midlertidig beredskapsbåt
    • Midjevegen blir stengt.
    • Vegen til Bakka og Skjerdal blir også stengd i påvente av betre vêrtilhøve. Vegane blir stengt frå kl 22:00 i kveld (30.10) 
    • Hafslund ECO har beredskapsbåt på Vassbygdivatnet for å kunne hjelpe ved naudsituasjonar i det vêrutsette området.
       
  3. Oppmoding om å unngå unødvendige reiser
    Aurland kommune tilrår innbyggjarar og besøkande om å unngå all unødvendig reising torsdag 31. oktober. Det er fare for sterke vindkast og utfordrande køyreforhold, særleg på E16 Vinje, som er identifisert som eit problemområde. Ver merksam på endringar i veg- og trafikkinformasjon.
     
  4. Fråråding om å gå Aurlandsdalen eller andre fjellturar
    Med dei varsla vêrforholda, tilrår me på det sterkaste å ikkje gå turen gjennom Aurlandsdalen eller andre fjellområde torsdag. Fare for skred og vanskelege forhold kan føre til farlege situasjonar.
     
  5. Brannvesenet i full beredskap
    Brannvesenet har heva beredskapsnivået og følgjer situasjonen tett for å sikre tryggleik for innbyggjarar og tilreisande.
     
  6. Sivilforsvaret i beredskap
    Aurland kommune har sett sivilforsvaret i beredskap tilfelle krisesituasjon.
     
  7. Kommunestyretmøte er utsett til 7 november.

Kommunen oppmodar alle om å vere varsame og fylgje lokale oppdateringar på nettstaden til Aurland kommune og Søk i kart | Vegvesen trafikk for nyaste informasjon.

Ved hendingar ta kontakt med vakttelefon 959 84 600.