Tid og stad for høyringsmøta:
- 6. februar i Leikanger kommunehus for kommunane Leikanger, Luster og Sogndal
- 7. februar i Lærdal rådhus for kommunane Aurland og Lærdal
- 8. februar i Balestrand rådhus for kommunane Balestrand, Høyanger og Vik
Møta byrjar kl 19. Representantar frå kommunane og Sognefjorden Vel deltek på møta.
Hummarbestanden har gått ned langs heile sør- og vestlandskysten. Fiskeridirektoratet viser til at bevaringsområde har fleire positive effektar. I eitt av områda som vart freda i 2006 auka bestanden med 245 prosent. I tillegg auka storleiken og alderen. Sjå informasjon om effektane av bevaringsområde på Fiskeridirektoratet si nettside
Foreininga Sognefjorden Vel har utarbeidd forslag til bevaringssoner i Sognefjorden. Kommunane ber no om innspel frå interesseorganisasjonar og fiskarar på forslaget.
Kommunane handsamar saka politisk før forslag til bevaringsområde blir sendt til Fiskeridirektoratet. Direktoratet gjennomfører ei formell høyring. Nærings- og fiskeridepartementet fastset forskrift om fredningsområde heimla i havressurslova.
Forslag til etablering av bevaringsområde for hummar i Sognefjorden (pdf)