Kvifor arbeide i Aurland kommune? Me ligg sentralt med kort veg til både Sogndal, Førde, Voss og Bergen. Det er lett å kome seg til Oslo både med buss, tog og fly. Kommunen har gode tenestetilbod både for små og store, me har flotte alternativ innanfor idrett og kultur. Du kan boltre deg i symjehallen, vere med i kor, i musikkskulen har dei tilbod til dei aller minste og for den som er litt større er det bland anna gitar, trommel, bass og biletkunst med meir. Kommunen har ein flott idretthall der en kan drive med klatring, fotball, handball, friidrett med meir. Aurland er ei naturperle med høge fjell og djupe fjordar med flotte turar og merka toppturar. Om vinteren er det kort veg til Myrkdalen, Gol og Hemsedal om du vil gå eller stå på ski. Vil du nyte god mat, har vi restaurant, kafe, bryggeri, og bakeri.
Aurland helsetun
- har ledig ei 100 % og ei 80 % stilling
- me tilbyr sjukepleiarar rekrutteringstilskot på kr 50 000 i tillegg til grunnløn
Me tilbyr
- årsplan med høve til å påverka eigen turnus
- høve til fagligutvikling blandt anna innan lindrande behandling og palliasjon, velferdsteknologi og demens
- vi kan legga til rette for vidareutdanning innafor teknologi og helse
- arbeidsplass med fokus på brukermedverknad - pasientene vert sett i fokus
- gratis bruk av kommunalt treningsrom/styrkerom/symjebasseng
Arbeidsoppgåver
- varierte arbeidsoppgåver som pasientansvarleg sjukepleiar
- bistand til pasientane ved institusjonen
- samarbeid med pasient/pårørande, tilsette og andre eksterne instansar
- legemiddelhandtering og administrering
- dokumentasjon i journalsystemet Gerica
- tverrfagleg samarbeid
- oppgåver delegert frå avdelingsleiar
Me søkjer deg som
som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Har du evne til å vere audmjuk, er fleksibel og løysingsorientert? Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evna til å arbeide både sjølvstendig og i team. Vi voner du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert og interessert i faget. Det er eit pluss om du speler instrument. Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar? Er du ein person som brenn for faget - då ynskje vi deg på vårt lag!
Kvalifikasjonar
- du må ha autorisasjon som sjukepleiar
- erfaring frå arbeid med brukargruppa er ønskeleg, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
- søkjar må kunne dokumentere gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Heimevakter er rekna inn i turnusen.
- om det blir aktuelt å ta ei ekstra heimevakt, blir denne betalt med ein faktor 1:3
Det vert kravd gyldig politiatest .
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900.
Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Søknadsfrist 29.11.2021 Utlyst dato 25.10.2021 Vårref 790
Kontaktperson
Ingrid Finden Bekkedal, Avdelingsleiar, mobil: 95984639, ingrid.bekkedal@aurland.kommune.no