Ifølge flaumvurderinga vil dei nye tiltaka som er foreslått lagt inn i områdeplanen for Flåm føre til vesentleg ulempe knytt til auka vannstand og hastigheit på ein eventuell flaum. Konsekvensane er såpass store at dei truleg ikkje vil bli godteke av NVE.
Det er derfor gjort vurdering av kva avbøtande tiltak som kan gjerast. Det har blitt sett på kva effekt det vil ha å fjerne nokre av tiltaka, gjere dei mindre og sette dei på søyler.
Tabellen under viser kva nye tiltak som er lagt inn i planen, konsekvensane av desse og kva avbøtande tiltak som er vurdert.
Aktuelt tiltak | Konsekvens | Avbøtande tiltak | Konklusjon |
Parkeringsanlegg på grusbana | Auke i vannstigning vest for grusbana mot campingsplassen på 10 til 30 cm. | Sjølv om ein fjernar dei andre tiltaka vil det bli auka vannstigning på over 10 cm. | Ikkje mogleg med parkeringsanlegg, berre flateparkering |
Nytt bygg (næring kombinert med parkering) på dei eksisterande parkeringsplassane langs elva på A-feltet |
Auke i vannstand sør for bygget mot togstasjonen på 10 til 30 cm. |
Sjølv eit bygg på søyler vil føre til 4 cm auke i vannstigning. | Truleg berre mogleg med flateparkering slik som i dag. |
Nytt bygg/utviding av eksisterande bygg ved Coop | Auke i vannstand sør for bygget mot torget på -3cm til 10 cm. |
Vurdert å redusere utbygginga til 630 m2 BYA. Dette vil likevel føre til 4 cm auke i vannstigning. | Må vurdere om eit nytt bygg kan byggast på søyler i ei detaljregulering. |
Veksthus på leikeplassen | Auke i vannstand vest, sør og aust for bygget på -3 cm til 10 cm. |
Utbygginga vil berre forårsake lokale vannstandsaukingar. Bygget må sikrast mot flaum. | Mogleg med utbygging. |
Nytt bygg ved Flåmsbrygga | Auke i vannstand nord for bygget på 10 til 30 cm. | Vurdert å redusere utbygginga. | Det kan opnast for ei utbygging på 550 m2 BYA. |
Nytt bygg på området sør for Flåmsbanemuseet | Auke i vannstand vest og nord for bygget på 10 til 30 cm. |
Vurdert å redusere utbygginga. | Det kan opnast for ei mindre utbygging. |
Utviding av eksisterande bygg ved vaskehallen og Orøyane | Auke i vannstand vest og sør for bygga på 3 til 10 cm. |
Desse tiltaka er tatt ut. | Det vert ikkje opna for utviding av dei eksisterande bygga. |
Utval for plan og eigedom hadde flaumvurderinga oppe som referatsak i møte 15.02.21.
Trykk her for å lese referatsaka.
Trykk her for å lese flaumvurderinga som skildrar konsekvensane av nye tiltak.
Trykk her for å lese kva avbøtande tiltak som er vurdert.
Vidare prosess
Det skal gjerast ei estetisk vurdering av bygging i høgda. Deretter skal planforslaget ferdigstillast. Me håper å legge områdeplanen ut på høyring i mai.