Me fekk først litt servering inne på Håbakken og teori om fruktmarkedet av Harald Mundal Blaaflat og pollinering av bier med Marco Neven. Etter dette fekk me gå rundt i hagen til Harald blant tre med blomster av eple, plommer, morelle og aprikos. Kjekt å få teori medan me såg det i praksis, både når det gjaldt sortsval, avstandar, vatning, gjødsling og utstyrsbehov. Marco har og bier i hagen hans, som me fekk sjå og læra om.
Takk til alle som møtte og ville vere med oss – dette var kjekt!
Kva tema skal ha me ha på neste samling? Innhausting? Kom gjerne med innspel på e-post til Beate: beate.stolen@laerdal.kommune.no
Me på Felles landbrukskontor ÅLA gledar oss allereie til neste samling.
For fleire bilete sjå her: Frukt og bier - LÆRDAL KOMMUNE (laerdal.kommune.no)