Aurland kommune er i gang med ny arealdel til kommuneplanen, og vil ha deg med på å forme framtida vår. Hald difor gjerne av datoen for di bygd. Me har ope mellom kl. 18-21:
15. Mars Undredal - Undredal Bryggje
20. Mars Gudvangen - Gudvangen Hotel
22. Mars Vassbygdi - Hafslund ECO
28. Mars Flåm - Samfunnshuset
30. Mars Aurlandsvangen - Rådhuset, kommunestyresalen
Korleis fungerer dette?
Du møter opp når det passar deg, aleine eller med venar og familie.
Gjennom ei enkel «løype» med spørsmål får du dele dine tankar med
oss om kva som er bra i dag, kva for utfordringar som finst i nærmiljøet
ditt og korleis vi kan løyse dette saman. Løypa varar så kort eller lenge
du sjølv vil. Du treng ingen spesielle forkunnskapar for å vere med. Me
veit at alle har noko å bidra med.
Representantar frå administrasjonen og politikarane vil vere til stades
på møtet og kan hjelpe med å ta deg gjennom løypa om du vil.
Spørsmål?
Om du vil vite meir om verkstaden eller prosjektet kan du ta kontakt
med oss i Aurland kommune:
Arealplanleggar Gøran Johansen, tlf: 413 24 293
Grendamøte om Aurland si framtid
Kvar og kva for type bustader skal me bygge? Kva for næring ønskjer me? Og korleis kan me legge betre til rette for reiselivet og dei som bur i bygdene turistane besøker? Vi inviterer til grendamøte for å høyre dine innspel!