Det er no det tredje året prisen har blitt delt ut. Det er bedrifter i Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland som kan bli nominert.
Kriteria for kvar av dei tre kategoriane er følgjande:
- Årets bedrift: Bedrifta har sin hovudaktivitet i dei nemnde kommunane, har stabil drift, sunn økonomi og god marknadsposisjon. Bedrifta bør kunne dokumentera vektlegging og resultat innan til dømes kompetanse, berekraft, vidareutvikling, arbeidsmiljø, innovasjon, marknadstilpassing og må gjerne bruka nynorsk i marknadsføringa.
- Årets leiar: Ein eller ei som gjennom leiarskap på topp- eller mellomnivå har utvikla bedrifta si.
- Årets nykomar: Bedrifter som er etablert i løpet av dei fem siste åra og som har skapt lokal verdiskaping gjennom arbeidsplassar, bygd omdøme og levert resultat eller gode framtidsutsikter.
Prisane blir tildelt under næringskonferansen i Flåm den 18. oktober.