Kjernejournal er ei elektronisk løysing som er utvikla av Helsedirektoratet. Kjernejournal samlar viktige opplysningar om helsa di. Du og autorisert helsepersonell har tilgang til, og kan registrere opplysningar om deg i din kjernejournal. Helsepersonell kan i tillegg legge inn kritisk informasjon.
Du kan sjølv bestemme kven som skal få tilgang til helseopplysningane dine.
Målet er at kjernejournal skal:
- Gje tryggare helsehjelp
- Gjere samhandling i helsetenesta betre
- Auke pasientane sin medverknad
Helse- og omsorg i Aurland Kommune oppmodar alle innbyggjarar til å gå inn på www.helsenorge.no/kjernejournal/om/ for å lese og registrere opplysningar om seg sjølv via innlogging. Der finn du også informasjon om korleis å reservere deg frå kjernejournal.