Dette er første gongen ein utøvar frå Aurland IL har teke medalje i hovudmeisterskapen i friidrett, og plasseringa kom som ei stor overrasking. I utgangspunktet deltok Sander i NM fordi han var kvalifisert via ei god tid på 2000 m hinder, og fordi NM gikk i eige fylke, men det viste seg snart at Sander skulle kjempa om bronsemedaljen saman med tre andre løparar. God taktisk løping, og ein god spurtrunde gjorde at han sikra seg tredjeplassen, knapt seks tidelar føre nummer fire.

Sander Sekkingstad Terum bronse  3000m hinder NM Foto Olav Terum