Aurland Idrettslag fyller 90 år i 2011. For å markere jubileet valde idrettslaget å snu saka litt på hovudet. I staden for å motta gåver ville dei markere 90- årsdagen med å gje ei gåve.

Gåva er ein hjartestartar som skal plasserast i Aurlandshallen. Den vart overrekt ordførar Olav J. Ellingsen, som vidare overrekte den til tenesteleiar ved kommunal driftseing Reinhardt Sørensen.  

Aurland kommune gratulerar Aurland Idrettslag med jubileumet og takkar idrettslaget for gåva til Aurlandshallen.