Høyringsfrist er sett til 5. juni 2024. Høyringsinnspel som kjem etter det vil ikkje verta vurdert. Saka skal til politisk handsaming og fristane er korte.
Kommunar og fylkeskommunar pliktar å sørgja for høyring, vedtak og offentleggjering av eigne lokale forskrifter i samsvar med ny opplæringslov som trer i kraft 01.august 2024.
Den nye opplæringslova inneheld fleire område der kommunar og fylkeskommunar skal gje forskrifter, i tillegg til område der dei kan gje forskrifter.
Vedlagt 5 høyringsutkast
- Lokal forskrift om permisjon frå opplæringa i Aurland kommune (pdf).
- Lokal forskrift om skulefritidsordning i Aurland kommune (pdf)
- Lokal forskrift om skulereglar og skuledemokrati for grunnskulen i Aurland kommune (pdf)
- Lokal forskrift om hovudmål ved grunnskulen i Aurland kommune (pdf)
- Lokal forskrift om skuleruta 2024/2025, Aurland kommune (pdf)
Alle høyringsinnspel skal sendast via skjema:
Korleis sende inn høyrinsinnspel?
- Velg elektronisk skjema - Melding til kommunen
- Logg deg inn med ID-porten
- Under "Eg meld i frå om" - Skriv høyringsinnspel
- Skriv inn ditt høyringsinnspel, legg ved eventuelle dokument.