Bakgrunn for høyringa:
Aurland kommune vedtek å gjennomføre eit folkemøte i Flåm med utgangspunkt i oppvekstsentersaka. Dette for å sikre brei involvering i ei sak som vedkjem heile bygdesamfunnet. Saka skal og sendast ut på høyring med moglegheit for innspel. Etter dette kjem saka tilbake til politisk handsaming. Utgangspunktet for saksutgreiinga er:

  1. Folkemøtet i Flåm vår-23
  2. Høyringa haust - 23
  3. Rekruttering og kompetansekrav
  4. Barnets beste
  5. Økonomi

Kostnadar:

  • Ved å behalda dagens drift vil ein måtte sjå på ulike utbetringar.(Ikkje kostnadsberekna) 
  • Det er utarbeida ein kort rapport frå arkitektkontoret ARTEC om utbetringar og estimerte kostnader (vedl 1)

Skulefagleg: 
Barnet sitt beste og bemanning

  • Det som viser seg mest avgjerande for ein elevs opplæring og trygge skulekvardag er dei pedagogiske ressursane. Der profesjosfellesskapet kan drøfta og driva elevane si læring til det beste for eleven. Det gjeld både det pedagogiske og sosiale utbytte til eleven. (vedl 2)
  • Telemarksforskning (vedl 3)

 

Høyringsnotatet er tilgjengeleg i papirutgave på rådhuset. Vi ber om at høyringsuttale sendes til: post@aurland.kommue.no.

Høyringa er open for alle.

Høyringsfristen er 15.01.2024

Høyringsuttale er offentlege etter offentlegheitslovene og vil bli publisert.

Vedl 1: ARTEC - Rapport - Flåm Oppveksttun
Vedl 2: Skolestrørrelse og sammenhenger med elevenes trivsel og læring
Vedl 3:Telemarksforskning