I planen er det vedteke som hovudmål at: Kulturarven i Aurland kommune skal vere ein viktig ressurs i lokalsamfunnet.
Det er eit nasjonalt mål at kommunane skal ha kunnskap om og oversikt over verneverdige kulturminne. Mål, strategiar og tiltak i kommunedelplan for kulturarv skal følgje opp dei nasjonale forventingane til kommunen. Kommunedelplanen er retningsgivande for kommunen sitt arbeid med kulturarv og kulturminne.
Utarbeiding av føreliggande planutkast er i medhald av planprogrammet. Alt arbeid i administrasjonen som er utført i perioden etter godkjend planprogram, ligg til grunn for føreliggande utkast til plan. Her kan mellom anna nemnast ulike medverknadsprosessar, og planutkast som vart lagt på høyring i 2019. I denne høyringsrunden kom det inn ein del innspel, dei er og tekne med i vidare arbeid.
Det er ikkje utarbeida tiltaksplan i dette dokumentet. Det er eit arbeid som vert samkøyrt med økonomiplanprosessen. Det er viktig at tiltaksplanen vert så realistisk som mogleg, der det vert sett av ressursar til å utfør delmåla i planen. Utarbeiding av tiltaksplan vert starta opp hausten/vinteren 2023/2024.
Ved spørsmål ta gjerne kontakt med underteikna på goran.johansen@aurland.kommune.no, eller tlf. 413 24 293.
Frist for uttale er 05.01.24. Ny Frist!
Fråsegner skal sendast post@aurland.kommune.no, eller Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.
saksutgreiinga og vedlegg finn du her
Høyringsdokument - Kulturarven 2024-2033