Dersom du planlegg å bygge eller endre kan du få råd og rettleiing på direktoratet for byggkvalitet sine heimesider: www.dibk.no og kommunen sine heimesider.
For større byggeprosjekt må du kontakte fagperson som kan vere ansvarleg søkjar.
For at de skal få best mogleg hjelp ber vi om at de sender inn så god skildring av evt. tiltak som mogleg til post@aurland.kommune.no, f.eks.
- Kva tiltak og gards/bruksnummer det gjeld
- Illustrasjonar / bilete av før og etter tiltaket
- Situasjonskart, målsett med avstand til nabogrense, næraste nabohus, næraste veg eller elv eller sjø.
- På førehand oppmodar vi tiltakshavar sjølv til å sjekke om
- tiltaket ligg i sone for skred/flaum. Dette kan sjekkast på blant anna fylkesatlas.no eller nve.atlas.no
- tiltaket råkar kulturverdiar eller kulturminne. Dette kan sjekkast på blant anna fylkesatlas.no
- tiltaket råkar raudlista eller truga artar eller naturtypar. Dette kan sjekkast på blant anna miljobase.no
Aurland kommune er for tida utan byggjesakshandsamar, men har knytt til seg ekstern bistand for handsaming av byggjesaker. Ved spørsmål kan de ringe 95 98 46 06 eller sende
e-post til adressa over.