Planstrategien er ikkje ein plan, men eit verktøy for å prioritere planarbeidet i kommunestyreperioden. Det blir laga ny planstrategi etter kvart kommuneval. 

Plandokument

Her finn du utkast til kommunal planstrategi for Aurland kommune 2024-2027. 

Trykk her for pdf-versjon av planstrategien.

Her finn du Utfordringsnotatet, som er ein oppsummering av kunnskapsgrunnlaget til planstrategien. 

Trykk her for pdf-versjonen av Utfordringsnotatet

Her finn du alle rapportar og liknande som er nytta i kunnskapsgrunnlaget til planstrategien.

Her finn du saksutgreiinga som har vore oppe i dei forskjellige utvala. 

Slik sender du inn innspel:

Send innspelet ditt til post@aurland.kommune.no eller til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland. Frist 18.oktober 2024. 

Open kontordag

Dato: fredag 4.oktober 2024

Tidspunkt: kl.09.00-15.00

Stad: Aurland Rådhus – folkevaldrommet (til venstre for hovudinngangen til Rådhuset)

På den opne kontordagen kan du komme innom og få informasjon om den kommunale planstrategien og stille spørsmål eller gje oss innspel om dine synspunkt. Du kan også avtale eit anna tidspunkt dersom denne dagen ikkje passar for deg. 

Kontaktinformasjon:

Aurland kommune: post@aurland.kommune.no eller tlf: 57 63 29 00, spør etter Rådgjevar for areal- og samfunnsplanlegging Anja Marken eller Arealplanleggar Gøran Johansen.

 

Politiske vedtak

Utkastet til planstrategien har vore på uttale hos utval for omsorg, oppvekst og kultur, plan- og eigedomsutvalet, Felles råd for eldre og personar med funksjonsnedsetjing og formannskapet. Utvala gjorde følgjande vedtak:

Vedtak i utval for omsorg, oppvekst og kultur (OOK) 26.08.24

Aurland kommune vedtek med heimel i plan og bygningslova § 10-1. 2.ledd kommunal planstrategi for Aurland kommune 2024-2027 slik den ligg føre. Før vedtak i kommunestyret vert planstrategien gjort kjent i minimum 30 dagar før kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka. 

Vedtak i plan- og eigedomsutvalet (PEU) 26.08.24 

Aurland kommune vedtek med heimel i plan og bygningslova § 10-1. 2.ledd kommunal planstrategi for Aurland kommune 2024-2027 slik den ligg føre. Før vedtak i kommunestyret vert planstrategien gjort kjent i minimum 30 dagar før kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka. 

Plan- og eigedomsutvalet ber om at landbruksplan, beitebruksplan og sti- og løypeplan vert med i tabellen Planstrategi 2020-2023 - status og vidareføring. 

Vedtak i Felles råd for eldre og personar med funksjonsnedsetjing (FREF) 28.08.24 

Aurland kommune vedtek med heimel i plan og bygningslova § 10-1. 2.ledd kommunal planstrategi for Aurland kommune 2024-2027 slik den ligg føre. Før vedtak i kommunestyret vert planstrategien gjort kjent i minimum 30 dagar før kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka. 

Felles råd for eldre og personar med funksjonsnedsetjing ber om å få innarbeida i planstrategien at det skal jobbast for eit aldersvennlig Aurland, bustader til psykiatri og bustader til unge personar med funksjonsnedsetjing 

Vedtak i formannskapet (FS) 04.09.24 

Aurland kommune vedtek med heimel i plan og bygningslova § 10-1. 2.ledd kommunal planstrategi for Aurland kommune 2024-2027 slik den ligg føre. Før vedtak i kommunestyret vert planstrategien gjort kjent i minimum 30 dagar før kommunestyret gjer endeleg vedtak i saka. 

• Landbruksplan, og sti- og løypeplan vert innarbeidd i tabellen Planstrategi 2020- 2023 - status og vidareføring. 

• Beitebruksplan skal verte ein del av plansystemet