Teater Vestland presenterer Mødrevariasjonar
Sara, Kristine, Ingrid og Marianne er alle førstegongsfødande. Vi møter dei som høggravide og følgjer dei gjennom ti år. Også mødrene deira dukkar opp, i tillegg til bestemødrer, vener, kjærastar og tanter. Dei bur på ein plass der nesten alle kjenner nesten alle, og slik kan dei ikkje unngå å møtast både når det er planlagt og elles.  

Framsyninga ser med skråblikk på lukkelege og ulukkelege omstende, her er det både humor og vemod. Vi får fire variasjonar over det å vere mor, med vestlandsblikk. I tillegg blir det nykomponert musikk og sang, mykje strikking og barnevogner på scena.

KUNSTNARLEG LAG

Dramatikar og regissør: Lene Therese Teigen
Scenograf og kostymedesignar Christine Lohre
Komponist Tov Ramstad
Lysdesignar Krystian Myska
Språkkonsulent manus Tove Bakke

MEDVERKANDE Oda Alisøy, Carina Furseth, Idun Losnegård og Katrine Lunde Mackenzie