14. februar Kurs i tilskotssøking i Aurland

Aurland kommune arrangerar kurs i tilskotssøking med Anders A. Vik 14. februar. Kursa er gratis og opne for alle!

Det vert arrangert to kurs:  

Kl 12.00-15.30 er spesielt retta mot kommunale einingar, næringsaktørar, matprodusentar, reiselivssatsingar og alle andre!

Kl. 18.00-20.30 er spesielt retta mot frivillige lag og organisasjonar, næringsaktørar, idrettslag, kor og musikklag, og alle andre!

Begge kursa skal vera i kommunestyresalen på Rådhuset i Aurland.

Alle som deltek får tilgang til elektronisk kurskompendium.
 

Påmeldingsfrist 12. februar
Meld deg på til Linn-Janette Underdal Skarsbø 
på e-post linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no
eller sms: 959 84 647 
 

14. februar, Næringskveld med tema styreform, økonomi og utvikling

Felles Landbrukskontor ÅLA og Sognefjorden Næringshage inviterar til næringaskveld. Her kan du få informasjon om kva styreform som løner seg i landbruket og kva finansieringsordningar som finst for dei som ynskjer å satse på tilleggsnæring innan landbruket. 

Kl 18:00 - 21:00 i kommunestyresalen i Lærdal.

Meir informasjon om program finn du her: Næringskveld med tema styreform, økonomi og utvikling - LÆRDAL KOMMUNE (laerdal.kommune.no)

NB! Påmelding innan 06.02.2024 til  beate.stolen@laerdal.kommune.no

28. februar, Samling for nye bønder kl. 17.00 - 21.00 på SJH

Landbrukskontoret i ÅLA inviterar til samling for nye bønder på SJH, 28. februar. Meir informasjon og program kjem seinare.

1.mars Søknadsfrist Kulturmidlar

Kulturmidlane har som føremål å støtte opp om kulturarbeidet som vert drive av frivillige lag, organisasjonar og einskildpersonar. Det skal leggjast til rette for å skape aktivitetar og å gje høve til eit allsidig og omfangsrikt kulturliv i heile kommunen.

Fullstendig utlysing og retningslinjer kan de finna her: Kulturmidlar 2024

1. mars Søknadsfrist Aurland Naturfond

Nærøyfjorden Verdsarvpark forvaltar Aurland Naturfond. Fondet har til føremål å gje personar i Aurland høve til erfarings- og kompetanseutvikling innan naturbruk og tilrettelegging for landskapsoppleving, småskala foredling og produktutvikling, natur- og landskapsformidling.

Personar med bustadadresse i Aurland kommune kan søkje om midlar frå fondet.

Meir informasjon om kva ein kan søkje midlar til og vedtektene for fondet finn du her: Aurland Naturfond — Nærøyfjorden Verdsarvpark (naroyfjorden.no)

19. - 20. mars Vossadagane

Vossadagane går over fire dagar, med hovudkonferanse 19.-20. mars og spissa fagdagar 21. og 22. mars. På hovudkonferansen set dei fokus på det store bilete og ulike tverrfaglege tema. Vossadagane er møteplassen der ein løftar blikket og ser det store bilete, og samtidig trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss. 

Meir informasjon kan du finna her: Vossadagane – 19. – 22. mars 2024

21. mars Bioparkkonferansen på Voss

Konferansen er ein del av Vossadagene, der store aktørar og små spirer i mat- og fôrindustrien, avfallsbransen, politikarar, investorar og verkemiddelapparat møtast med felles mål om å spreia kunnskap og skapa engasjement om det grøne gullet -bioøkonomien.

Meir informasjon om programmet finn du her: Bioparkkonferansen 2024 – Vossadagane

22. mars Kulturkonferansen på Voss

Dei tjuvstartar VossaJazz med ein Nasjonal kulturkonferanse fredag 22. mars. Det vert både fagleg innlegg og debatt.

Meir informasjon finn du her: Kulturkonferansen 2024 – Vossadagane

1.april Søknadsfrist for Aurland kommune sitt konsesjonsavgiftsfond

Fondet skal primært nyttast til å fremja etablering av ny verksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i Aurland kommune. Det er krav om innleiande samtale før søknad til fondet. Aurland kommune har òg avtale med Sognefjorden Næringshage om rådgjeving i samband med søknad til fondet. 

Full utlysing finn du her: Søknadsfrist konsesjonsavgiftsfondet - Aurland kommune

Sjå òg Reglar for bruk av konsesjonsavgiftsfondet i Aurland kommune " Næringsfondet" - Aurland kommune