Legekontoret ser no ein heil del vanleg forkjøling i regionen, og me har også tatt testar som viser at det er rhinovirus som gir desse plagene - også her i Aurland. Dette er virus som smittar veldig lett - og ofte blir mange lett sjuke av dette.  

Det er utfordrande for folk å vite kortid ein skal vere heime, korti ta test - og kortid returnere til jobb/skule. Vi oppfordrar også folk i Aurland å følgje dei nasjonale retningslinjene her. Vedlagt er enkle flytskjema på dette.  

Er du lett forkjølt, trengs ikkje test, men vere heime til det verste er over. Får du feber og redusert allmenntilstand, bør du oppsøke legekontoret for korona-test. Du må då vente på prøvesvar før du kan på jobb igjen. Vanlegvis tek det 1-2 dagar før svaret kjem. ( Denne veka har me tatt nokre utvida prøvar for å sjå kva forkjølelses-virus som var i omløp her - desse var lenge svartid på. Slike prøvar vil me vanlegvis ikkje ta).

Flytskjema - Barn i barnehage- eller barneskulealder med nyoppståtte luftvegssymptomer

Når skal ungdom og vaksne vere heime frå skule/arbeid og bli testa for covid-19?

 

Frøydis Gullbrå
Smittevernlege