Målet med planarbeidet har vore å legge føringar for utvikling av Flåm som eit berekraftig bu-, arbeids- og besøksstad. Arealbruken skal vere fleksibel slik at bruken av området kan tilpassast gjennom sesongen, samtidig som omsynet til tryggleik vert ivareteke.

Arealbruken i planen er bygningar og anlegg, samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur, grønstruktur, LNFR-område, bruk og vern av sjø og vassdrag, og omsynssoner for flaum, støy, ras og skred.

Planen er sett saman av totalt 5 kart. Det eine kartet viser arealbruk, det andre viser arealbruk og omsynssone for flaum, det tredje kartet viser arealbruk og omsynssone for ras og skred, det fjerde viser arealbruk og omsynssone for støy, og det femte kartet viser arealbruk og alle omsynssoner i lag.  

Planframlegg og saksutgreiing er tilgjengeleg her på heimesida, og på kommunetorget i rådhuset.

Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 03.06.2021-08.08.2021.

Merknader og innspel til planframlegget kan sendast til post@aurland.kommune.no eller til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland, innan 8. august 2021.


Informasjonsmøte
Torsdag 10. juni, kl. 18:00 på Fretheim Hotel, haldast informasjonsmøte om reguleringsplanen, der det vil vere moglegheit for å stille spørsmål til planen. Det er kapasitet til maks 50 deltakarar, men det vil også vere mogleg å delta digitalt. Påmelding (med namn, tlf.nr, e-post og bustadkommune) gjerast på e-post til forut@aurland.kommune.no eller på tlf. 57 63 29 00, innan tysdag 8. juni.

Kontordagar i Flåm
Sakshandsamar vil vere tilgjengeleg Aurland hamnevesens lokalar, på cruisekaia i Flåm, tysdag 15/6 frå kl. 08:00 til 15:30, og onsdag 16/6 frå kl. 12:00 til 18:00.
 

Saksframlegg med vedtak


Planframlegg

Planomtale med konsekvensutgreiing

Planføresegner

Risiko- og sårbarheitsanalyse

Plankart 1 arealbruk

Plankart 2 arealbruk og omsynssone for flaum

Plankart 3 arealbruk og omsynssone for ras og skred

Plankart 4 arealbruk og omsynssone for støy

Plankart 5 arealbruk og omsynssoner

Bakgrunnsdokumentasjon

Skredkartlegging av Aurland kommune – NGI, 2012

Skredfarevurdering med sikringsframlegg – NGI, 2012

Ekstremnedbør og klimatilpassing i Aurland og Luster kommunar – NGI, 2016

Flaumsonekart i Flåm – Norconsult, 2016

Faresoner for reguleringsplan, Flåm sentrum – NGI, 2016

Sikringsforslag Flåm kommunalt lagerområde – NGI, 2016

Erosjonsvurdering Flåmselvi – NGI, 2016

Stormflo- og bølgjeanalyse for Flåm sentrum – Norconsult, 2016

Oppskylling av flodbølgjer etter skred frå Joasetbergi – NGI, 2017

Faresoner for flodbølger frå Joasetbergi – NGI, 2017

Fretheim bru, utbetring – Sweco, 2018

Skredfarevurdering for deler av reguleringsområde i Flåm – NGI, 2018

Vurdering av sikringstiltak mot flodbølgjer i Flåm sentrum – NGI, 2018

Risikovurdering av forureina sediment, Flåm cruisekai – Rådgivende biologer, 2019

Utvidelse av Flåm cruisekai, konsekvensar for naturmangfald og naturressursar – Rådgivende biologer, 2019

Flomsonekartlegging for Flåmselvi – Multiconsult, 2019

Skredsikring i Flåm – Multiconsult, 2019

Stadform, arkitektur og estetikk – Norconsult, 2020

Støykartlegging til områdeplan Flåm – Sweco, 2020

Trafikkanalyse av kryss ved E16 – Opus Bergen, 2020

Vurdering av vegsystemet i Flåm – Norconsult, 2021 

Tryggleik for skred. Unntak for flodbølgje som følgje av fjellskred frå Joasetbergi – Norconsult, 2021

Konsekvensar av flaum, Flåm sentrum – Norconsult, 2021