No er det slutt på restriksjonar i høve tal personar på arrangement, ein må ikkje halde 1-meter avstand , og det er slutt på krav om bordservering og innslepp-stopp på serveringsstader.

Meir om reglar som gjeld no finn de på: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/norge-gar-over-til-en-normal-hverdag-med-okt-beredskap/id2872539/

Dette vil gjere at dei fleste av oss kan leve meir normalt.

 

Nokre råd er likevel veldig lure å følgje

-vask hender ofte

-host i lommetørkle eller albogekrok

-ved nyoppståtte luftvegsymptom hjå ungdom og vaksne (feber, hoste, sår hals, tap av lukte-eller smakssans, nedsett allmenntilstand) bør du halde deg heime og ta test for korona. Vend tilbake til jobb/skule når du har mottatt negativ test og allmenntilstand er god. Det går fint med litt restsymptom som rennande nase/ lett hoste.

- Særskilt for barn i barnehage og barneskulealder: Barn som kun er snørrete eller har tett nase eller kroniske luftveissymptom, treng ikkje halde seg heime. Barn med nyoppståtte symptom som feber, hoste, sår hals og nedsatt allmenntilstand, bør vere heime, men kan gå i barnehage/skule når dei er i bedring. Dette gjeld også om barnet framleis har noko symptom, slik som rennande nase eller lett hoste. Barn kan testast for korona om dei har fått symptom etter kjent kontakt med korona-smitta, elles er test ikkje nødvendig.

 

Framleis gjeld krav om isolasjon for dei som får påvist korona-smitte. Smittevernlege vil gi instruks om tidsperiode for isolasjon. Det er kun dei næraste kontakter til den smitta som no skal smittesporast og testast.