Arealdelen er ein overordna plan som bestemmer kva areala i kommunen skal brukast til, til dømes kvar det skal vere bustadområde eller næring. Den tar for seg kva område av kommunen som skal byggast ut dei neste ti åra. I første omgang melder kommunen om oppstart av arbeidet og legg planprogrammet ut på høyring. Planprogrammet skildrar korleis me skal arbeide med kommuneplanen, til dømes korleis medverknad skal vere, kva utgreiingar me må gjere og framdriftsplan for arbeidet. Planprogrammet skal etter planen bli vedtatt i desember og etter dette opnar me for innspel til arealdelen.

Plandokument:

Her finn du planprogrammet publisert i Framsikt

Her finn du planprogrammet i pdf-versjon

Her finn du saksutgreiinga til kommunestyret

Merknader:

Du kan sende innspel til planprogrammet til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland eller til post@aurland.kommune.no innan 14.11.22.

Vidare arbeid med arealdelen

Etter nyttår opnar me for innspel til sjølve arealdelen. Då kan du sende inn innspel som du ønskjer å ha med, t.d. om du har forslag til område som kan nyttast til bustad eller næring, som ikkje er regulert til dette i dag. Då skal me også arbeide med utgreiingar som må gjerast i planarbeidet og me har fokus på medverknad. Me skal ha grendamøte i dei ulike grendene, ha opne kontordagar, stand framføre butikkane m.m. Til hausten gjer me ei grovsiling av innspela som har kome inn og politikarane avgjer kven dei vil gå vidare med. Det skal gjerast ei konsekvensutgreiing av dei innspela me ønskjer å gå vidare med og deretter skal me utarbeide planforslag. Ifølgje framdriftsplanen skal arealdelen bli vedtatt i løpet av hausten 2024.