Heimel: Plan- og bygningslova § 33-1, jf. byggesaksforskrifta, matrikkellova § 32, jf. matrikkelforskrifta og eierseksjonslova § 15. Fastsett 4.11.21, kunngjort 26.11.2021, ikraftsetjing: 1. januar 2022
Kapittel 1 – Generelle føresegner
§ 1.1 Formålet og verkeområdet til forskrifta
Forskrifta gir føresegner om betaling av gebyr for sakshandsaming kommunen gjer etter lover og forskrifter for følgjande gebyrtenester:
• Kapittel 2 i forskrifta: Private planforslag etter plan- og bygningslova
• Kapittel 3 i forskrifta: Byggje-, dele- og dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova
• Kapittel 4 i forskrifta: Seksjonering etter eierseksjonslova
• Kapittel 5 i forskrifta: Oppmåling etter matrikkellova
Gebyr etter dette regulativ betalast etter faktura laga av kommunen. Kommunen kan krevje betaling før forretning gjennomførast, arbeid blir igangsett eller før løyve/vedtak fattast. Alle prisar er angitt i norske kroner. Det reknast ikkje meirverdiavgift på gebyr etter plan- og bygningslova, matrikkellova eller eierseksjonslova.
§ 1.2 Betalingsplikt
Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betale gebyr. Kommunen krev i tillegg inn tinglysingsgebyr og dokumentavgift i saker der kommunen må forskotera dette.
§ 1.3 Tidspunkt for gebyrfastsetjing og fakturering
Gebyr etter plan- og bygningslova og eierseksjonslova reknast etter dei satsar som gjeld på tidspunktet komplett sak blir motteke i kommunen, med mindre noko anna kjem fram av regulativet. Gebyr for byggje-, dele- og dispensasjonssakar og seksjoneringssakar blir fakturert når vedtak fattast. Private planforslag har i utgangspunktet to tidspunkt for fakturering; etter oppstartsmøtet og ved vedtak om offentleg ettersyn. Dersom saken krev planprogram, kan det i tillegg bli fakturert etter vedtak av planprogram. Gebyr etter matrikkellova reknast etter dei satsar som gjeld når saken fremmast, jf. matrikkelforskrifta § 16 og blir fakturert etter at oppmålingsforretning er haldne og registrerte i matrikkelen til kommunen. Gebyret forfell til betaling 30 dagar etter fakturadato. Ved for sein betaling kjem purregebyr etter inkassoforskrifta.Gebyret må betalast og forfell uansett om vedtaket er klaga på, eller det er søkt om reduksjon av gebyr.
§ 1.4 Gebyr og prisar i regulativet
Gebyra i regulativet reflekterer arbeidet kommunen har med dei ulike sakstypane og blir rekna i samsvar med sjølvkostprinsippet. Samla fakturert gebyr dekkjer sakshandsaming, administrasjonskostnader, tilsyn med vidare. Gebyrregulativet blir vedtatt årleg av kommunestyret som har høve til å prise gebyra lågare enn sjølvkost.
§ 1.5 Sakkunnig bistand
Der kommunen leiger inn sakkunnig bistand for kontroll, utsegner, vurderingar ut frå lov- og forskriftskrav og liknande, vil kostnadane for slik bistand bli lagt til gebyret. I tillegg blir det fakturert for medgått tid for arbeidet kommunen har med å henta inn slik bistand.
§ 1.6 Klage
Når gebyret har heimel i plan- og bygningslova § 33-1, matrikkellova § 32 eller eierseksjonslova § 15, er det ikkje høve til å klaga på gebyret i den enkelte saka. Enkeltvedtak etter § 1.7 om urimeleg gebyr kan klagast på til Statsforvaltaren i Vestland etter reglane i forvaltningslova.
§ 1.7 Urimeleg gebyr
Dersom kommunedirektør etter eiga vurdering ser på gebyret som klart urimeleg, kan gebyret setjast ned. Søknad om redusert gebyr utset ikkje betalingsfristen.
§ 1.8 Avslag
Sakshandsaminga vurderastsom avslutta dersom det ikkje er sendt klage innan utløpet til klagefristen. For å etterleva sjølvkostreglane skal det ved avslag betalast 100 % av ordinært gebyr. Beløpet blir ikkje godskrive ved ny eller endra søknad.
§ 1.9 Tilbaketrekking av søknad
Dersom søknad blir trekt tilbake, skal søkar betala ein del av gebyret avhengig av kor langt kommunen har kome i handsaminga av søknaden. Det kjem fram av regulativet kor mykje som skal betalast.
§ 1.10 Definisjonar og forklaringar
I denne forskrifta blir det meint med:
a. pbl: Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova).
b. Mtl: Lov om eigedomsregistrering (matrikkellova).
c. Eiersl: Lov om eierseksjoner (eierseksjonslova).
d. SAK: Forskrift om byggesak (byggesaksforskrifta).
e. TEK: Forskrift om tekniske krav til byggverk (byggteknisk forskrift).
f. Søknadspliktige tiltak: Tiltak definert i plan- og bygningslova §§ 20-1, 20-2, 20-3, 20-4.
g. Grunngebyr: Gebyr som skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket.
h. Sakshandsamingsgebyr: Gebyr som skal dekkje oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er avhengig av kompleksitet og storleik på tiltaket.
i. Registreringsgebyr: Gebyr som skal dekkje arbeidet med oppgåvene knytt til registrering i matrikkelen. Gebyret betalast per matrikkeleining, per brukseining eller per endring av brukseining.
j. Tiltaksklasse: Inndeling av oppgåver i tiltaket basert på vanskegrad, kompleksitet og konsekvensar av manglar og feil, jf. SAK § 9-4.
k. Matrikkel: Nasjonalt eigedomsregister kor kvar eigedom har eit unikt nummer beståande av kommunenummer, gardsnummer (gnr), bruksnummer (bnr), festenummer (fnr) og seksjonsnummer (snr). Dersom bruket ikkje har festeog/eller seksjonsnummer har disse verdien null (0). Tidlegare kalla GAB-registeret (Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret).
l. Eigedom: Fast eigedom definert med eit eiga gards- og bruksnummer, festenummer og/eller seksjonsnummer i matrikkelen. Seksjon etablert i samsvar med lovgivinga om eigarseksjonar blir rekna som sjølvstendig eigedom.
m. Brukseining: Bygning eller del av bygning (lokale), f.eks. bueining, garasje, anneks/uthus, kontoreining, verkstad og lager.
n. Bueining: Brukseining som har alle hovudfunksjonar for bustad, slik som stue, kjøkken, soveplass, bad og toalett, og har eiga inngang og er fysisk skilt frå andre einingar, jf. SAK § 2-2.
o. Bygningstype: Standardisert kategorisering av den enkelte bygning etter NS-3457. Bygningstypar frå 111 til 199 høyrer til bygningshovudgruppe Bustad. Bygningstypar frå 211 til 840 er alt anna enn bustad.
p. Bruksareal (BRA): Bruksareal for eigedom som er registrert i matrikkelen og rekna med utgangspunkt i NS-3940.
q. Daa: Dekar, 1.000 kvadratmeter.
r. Vnr.: Varenummer.
For fullstendig oversikt over heile gebyrforskrifta med 2022-satsar, sjå her.