Etter at områdeplanen for Flåm var ute på høyring kom NVE med motsegn til planen. Dei ville at kommunen skulle vurdere forholda knytt til grunnstabilitet (kvikkleire) enno grundigare i planen. Geoteknikarar frå Norconsult har vurdert dette nærare og kome fram til at det må gjerast prøveboringar på 13 punkt i utløpsområdet rundt plangrensa før områda eventuelt kan friskmeldast. Grunneigarane blir kontakta for samtykke før prøveboringa blir utført.
Prøveboring etter kvikkleire i Flåm
I løpet av dei neste vekene vil det bli gjennomført prøveboring på fleire stader i Flåm. Dette vert gjort i samband med det pågåande arbeidet med områdeplanen for Flåm for å avklare om det finst kvikkleire i grunnen.