Redusert drift i helsestasjon- og jordmortenesta i veke 11 og 12
Det betyr at det er færre timeavtalar enn vanleg og det kan ta lenger tid å få svar på telefon og e-post.
I perioden 15. mars – 21. mars vert tenesta heilt stengd, og telefon, SMS og e-post ikkje besvart.
Årsaka til redusert drift er at tenesta skal byte fagsystem og journal må førast manuelt i denne perioden.
Helsestasjonen, skulehelsetenesta og jordmortenesta må vere stengt då alle tilsette er på opplæring.
Ved akutt sjukdom eller behov for legetilsyn gjeld som vanleg; kontakt fastlegen din eller legevakt.