Arbeidet med å lage ny arealdel til Aurland kommune sin kommuneplan starta opp i september 2022. Arealdelen er ein overordna plan som bestemmer kva areala i kommunen skal brukast til, til dømes kvar det skal vere bustadområde eller næring. Den tar for seg kva område av kommunen som skal byggast ut dei neste ti åra. Arealdelen er styrande for nye detaljreguleringsplanar og byggesaker innanfor planperioden. Måla og strategiane i samfunnsdelen til kommuneplanen legg føringar for innhaldet i arealdelen.

Slik sender du inn innspel
Ved innsending av innspel skal innspelsskjema nyttast. 


Send inn innspelet ditt til: 
post@aurland.kommune.no eller Aurland kommune, Vangen 1 , 5745 Aurland innan 30.04.23.

Ta kontakt med kommunen sin planavdeling dersom du har spørsmål:
Kommuneplanleggar: Anja.marken@aurland.kommune.no, 95984646 
Arealplanleggar: Goran.johansen@aurland.kommune.no, 41324293


Kva skjer med innspela? 
Alle innspela vil bli vurdert og lagt fram for politisk handsaming. Politikarane vedtek kva innspel dei ønskjer å gå vidare med. Det må deretter gjerast ei konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) for alle område der det blir foreslått endringar, i tillegg til ei vurdering av dei samla konsekvensane av alle endringane. Etter dette blir planforslag for ny arealdel lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Du får då moglegheit til å sei di meining om planforslaget.