Mentorprogrammet 2023/2024

Gjennom prosjektet Sogn for alle tilbyr Sogn regionråd eit mentorprogram for tilsette som gjev opplæring, oppfølging og støtte til nykomlingar på arbeidsplassen. Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Kommunane i Sogn satsar heilskapleg på integrering av innvandrarar. Me ønskjer eit mangfaldig og inkluderande arbeidsliv i regionen. Mentorprogrammet vil gje bedrifter/arbeidsgjevarar kompetanseheving innanfor viktige fagområde.

Mentorprogrammet 2023/2024 vil ha oppstart i slutten av november.

Me håpar de vil melda bedrifta dykkar på. Me ønskjer oss fleire mentorbedrifter og mentorar i Sogn!

Her er meir informasjon:

Mentor på arbeidsplassen

Jobben gjev mange av oss ein stad å høyre til, arbeidskameratar og ein inntekt å leve av. Du kan glede deg til helg og til feriane, du kan leggje deg trøytt og ha noko å stå opp til. Du lærer stadig noko nytt, du høyrer til ein stad.

Ikkje alle kan søkje seg rett ut i ein ordinær jobb. Å trene på ein god arbeidsplass er den beste måten å kvalifisere til arbeid. For mange som har kome flyttande til Noreg og Sogn, er det å vere i arbeid den beste måte å lære norsk på.

Gjennom prosjektet Sogn for alle tilbyr Sogn regionråd eit mentorprogram for tilsette som gjev opplæring, oppfølging og støtte til nykomlingane på arbeidsplassen.

Kva? Me tilbyr opplæring til dei som tek i mot innvandrarar på arbeidsplassane. I programmet set me fokus på tema som rettleiing og kommunikasjon, kulturell variasjon, psykisk helse og arbeid og konflikthandtering. Deltakarane vil vere med å gje programmet form. Ved å melde på tilsette bidreg verksemda i Sogn regionråd sitt arbeid for integrering og inkludering.

Kven? Dette er for verksemder som tilbyr arbeidstrening eller har eit stort rekrutteringsbehov. Mentor er ein tilsett som ofte får ansvar for å ta i mot nytilsette og deltakarar på arbeids- og språktrening. Dei er tett på og er ein kjentmann i høve arbeidsoppgåver og livet elles på arbeidsplassen. Dei gjev opplæring, oppfølging og støtte og er motivert for å lære meir om det å vere mentor.

Korleis? Mentorprogrammet består av fem samlingar i perioden november 2023 til april 2024. Verksemda gjev dei tilsette fri for å delta og får tilbake kompetanseheving innanfor viktige fagområder.

Samlingane vert haldne i Sogndal og er gratis. Vestland fylkeskommune og Sogn regionråd finansierer programmet.

Interessert?

For meir informasjon kontakt arbeidslivsrettleiar Eirin Kormeset, tlf. 924 44 702.

Deltaking avklarast med næraste leiar.

Påmelding til eirin.kormeset@sogndal.kommune.no  

Før på namn, bedrift,

e-post, telefonnummer og namn på leiar.