Til innbyggjarane i Undredal, Flåmsdalen og Skjerdal
Me er ei gruppe forskarar frå Norges Geotekniske Institutt (NGI) og Universitetet i Oslo (UiO) som er interessert i å høyre dine erfaringar med å leva i eit skredutsett område, og setter stor pris på om du kan fylle ut eit spørjeskjema om dette. Fokusområda for studien er tettstadane Undredal, Flåmsdalen og Skjerdal.
Send gjerne òg undersøkinga vidare til andre i ditt nettverk som kan vera interessert i å delta!
Spørjeundersøkinga finn du som eit elektronisk spørjeskjema her, og frist for å delta er 5. april.
Undersøkinga kan svarast på både på PC og mobil, og det tek ca. 10-15 min å delta.
Studien er ein del av forskningsprosjektet NATURACT, finansiert av Norges forskningsråd.