I tillegg til nytt design vil du sjå mellom anna desse forbetringane:

Framsida er heilt endra. Den nye løysinga vår skal gjere det enklare for deg som brukar nettsida. I staden for å leite i menyar legg vi opp til at du seier til Kommune Kari kva du er på jakt etter. Du skal då få svar på det meste.

Om du likevel vil bruke menyar, finn du desse oppe i høgre hjørne. Bjj 736E 90P 8nxHTgXHmNw 7 oisvUS 3JYwAQaYxTACKNMQCINMYAINIYA 4BIYwwAIo 0xAIg 0xgAg 0hgDgEhjDAAijTEAiDTGACDSGAOASGMMACKNMQCItAX 8D O 8NxGz 9eebAAAAAElFTkSuQmCC

Tilgang til eigne data

På toppen av sida finn du Min kommune. Her kan du logge deg inn med ID-porten og finne informasjon om:

  • Post frå kommunen 
  • Faktura frå kommunen 
  • Informasjon om eigendomen din 

Du vil òg sjå at du ikkje lenger finn e-postadresser til tilsette på nettsida vår. Du finn i staden eit kontaktskjema. Du bruker dette på same måte som du ville gjort om du ville sende e-post. Denne løysninga gir oss både auka tryggleik og ei betre oppfølging av deg som kontaktar oss.

Fellesskap gir styrke

Når vi har utvikla dei ny heimeside, har vi gjort det saman med dei 11 samarbeidskommunane våre i IKT-samarbeidet IKTNH. Mange av tenestene i kommunane er like, og eitt av prinsippane vi jobbar etter er «alt som er likt, skal vere likt». Kvifor gjere ting 12 gonger, når vi kan gjere det en gong?

Ved å utvikle felles løysingar og gjere arbeid i fellesskap utnyttar vi ressursane våre på ein betre måte enn om vi skulle gjere alt arbeidet kvar for oss.

Gi oss gjerne ei tilbakemelding

Vi håpar du vil trivast med dei nye nettsidene våre, og meld gjerne tilbake til oss. Vi tek imot både ris og ros. Vi har fått på plass ein tilbakemeldingsfunksjon på kvar enkelt side som du kan bruke om det passar. Den heiter «Fant du»

Eller du kan ta kontakt med oss på e-post: post@aurland.kommune.no