Aurland kommune ynskjer å kartlegge behov og ynskje om ei eit nyhendebrev sendt frå dei ulike avdelingane som arbeidar med samfunnsutvikling. Nyhendebrevet vil vera mest retta mot lokalt næringsliv, landbruk, arrangørar og andre som er interessert i samfunnsutvikling. På grunn av reglar for personvern har me ikkje høve til å senda ut informasjon utan at dette er godkjent på førehand, difor ynskjer me no å gjere dette via eit nyhendebrev. Me vil prøve å samle opp informasjon som vert sendt ut. Og informasjonen me sender ut kan til dømes vera nytt om søknadsfristar på ulike støtteordningar, høyringsfristar på kommunale planar, informasjon om møter, arrangement eller kurs, lokalt og regionalt.
For at me skal få best mogleg grunnlag for å vurdere om dette er noko me skal prioritere så ber vi om svar på denne undersøkinga.
Undersøkinga er open fram til 15. August og du kan svara på den ved å gå inn på denne lenkja; Spørjeundersøking om nyhendebrev frå Aurland kommune