Føremålet med ordninga, og tilskotet, er å sette kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder i for å kompensere for tap og ekstrakostnader i hjå lokale verksemder som har vorte ramma av inngripande smitteverntiltak. Midlane har kommunen fått tildelt med utgangspunkt i tal tilsette innan servering, overnatting, sport og fritid, reisebyrå og -arrangørar, kunst og underhaldning og kongress-, messe- og utstillingsverksemder. Fordeling av midlar er justert for sesong variasjon i tal tilsette, andel utanlands overnattingar i reiselivsregionen og sentralitet. Bransjane som ligg til grunne for fordelingsmodellen bør prioriterast så langt det er behov. Kommunane vert bedt særskilt å vurdera kompensasjonsbehovet i verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane, som blant anna nystarta verksemder. Utover det kan kommunane innretta sine lokale ordningar etter den lokale situasjonen.
Desse kan søkje om midlar til kompensasjon:
- Verksemder som har adresse i Aurland kommune, og aktivitet lagt til kommunen.
- Verksemder som kan dokumentera tap av omsetjing/inntekt som fylgje av Covid-19 og den påfølgande økonomiske nedgangen.
- Verksemder med auke i kostnader som fylgje av tiltak for å unngå spreiing av covid-19 (smitteverntiltak).
- Verksemder med tilsette innan servering, overnatting, sport og fritid, reisebyrå og -arrangørar, kunst og underhaldning og kongress-, messe- og utstillingsverksemder vil verte prioriterte i tildelinga av støtte, men andre verksemder som framleis er råka av pandemien kan òg søkje.
- Om verksemda har fått stønad ved tidlegare utdeling av kommunale eller statlege kompensasjonsmidlar så må søknaden gjelde nye kostnader, som ein ikkje har fått stønad for tidlegare.
Verksemder som var i vanskar per 31.desember 2019, ref gruppeunntaksforordningens artikkel 2, paragraf 18 kan ikkje få tildelt stønad.
Støtteform
I samband med denne utlysinga skal kommunane nytte den notifiserte ordninga for alle tilskot i denne tildelingsrunden.
- Verksemder som var i vanskar per 31. desember 2019 ref gruppeunntaksforordninga artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje verte tildelt støtte.
- ESA har godkjent ein utviding av notifisert ordning til 30. juni 2022, samt heva beløpet for kva føretak kan mota i tilskot, til 2,3 millionar EURO.
- Verksemder som er innanfor kommunen sin eigen regi kan ikkje få tildelt støtte.
Krav til dokumentasjon:
Fullstendig søknad med dokumentasjon må vera levert inn via søknadsskjema innan fristen for at søknaden skal verta handsamast.
Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følgje av smitteverntiltak og stenging, som:
- Tapte inntekter knytt til nedstenging i høve offentlege smittevernkrav
- Andre kostnader som fylgje av nedstenginga
- Dokumentasjon på korleis ein skal nytte midlane.
- Eigenerklæring på om verksemda er i økonomiske vanskar
- Søkjar må informera om anna kompensasjonsstønad konsernet og verksemda har motteke, statleg eller kommunal.
- Informasjon om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021/2022, og kva ordning støtta er heimla i (stønad frå kommune, stat, fylkeskommune, Innovasjon Norge).
- Om verksemda er ein del av eit større konsern så må dette dokumenterast.
Dokumentert tap må inkludera erklæring frå uavhengig tredjepart (autorisert rekneskapsførar/revisor). Ein må leggje ved ei oversikt eller eit rekneskap som syner tap av inntekt eller auka kostnader som fylgje av korona.
Det vil ikkje bli kravd skatteattest.
Søkjar må syte for at samla motteke offentleg støtte ikkje overstig dei grensene som til ei kvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk
Søknad
Bedrifter kan søkje på ordninga via portalen www.regionalforvaltning.no . Aurland kommune set krav om at søknaden skal leverast elektronisk på dette systemet, og kan gi hjelp dersom dette er ei utfordring. Søknader som kjem etter fristen vert ikkje handsama.
Startside (regionalforvaltning.no)
Søknadsfrist:
Fristen for å søkje er sett til 25.mars 2022
NB!
I samband med utdeling av midlar så vil ein vurdere utdeling basert på kva tap verksemda har, og kva andre kompensasjonsmidlar ein har motteke.
Verksemder som kan dokumentere tap og som fell innanfor kriteria for tildeling vil få tildelt ein lik prosentdel i kompensasjon.
Tildeling av midlane vert tatt opp i samband med det formannskapsmøtet som kjem etter søknadsfristen har gått ut. Endeleg dato er ikkje satt.
Meir informasjon
- Statsbudsjett 2021-tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning for lokale virksomheter
- Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege, med mindre det er heimel for unntak etter Offentleglova.
- Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Næringsrådgjevar i Aurland kommune.