Det har vore mange tilfelle av kikhoste siste år i Norge. Det er særleg spebarn som er i risiko for å utvikle alvorleg sjukdom, og vaksinasjon av vaksne er ein god måte å førebygge at dei minste blir smitta. Kikhoste-vaksine er også del av barnevaksinasjonsprogrammet, slik at barn som følgjer vanleg vaksineprogram, vil få beskyttelse frå dette.
FHI har samanfatta tilrådingar om kikhoste-førebygging i brev til kommunen. Hovudmoment i brev:
• Det er vedvarande auke i førekomst av kikhoste i Norge.
• Spedbarn er mest utsett for alvorleg sjukdom og FHI har råd for å verne denne aldersgruppa.
• FHI tilrår oppfriskingsdose til alle vaksne med kombinasjonsvaksine som inneheld kikhostevaksine kvart 10.år.
• Gravide får tilbod om kikhostevaksine i graviditeten for å verne det nyfødde barnet mot kikhoste. Denne vaksinen er gratis.
I Aurland er det råd å kontakte legekontoret for å få kjøpt og sett kikhostevaksine. Me har no ein del vaksiner på lager. Kontakt oss via helsenorge eller på telefon 576 32 999 for å få avtale.
Gravide får tilbod om vaksinen gratis gjennom svangerskapsomsorga.
Tilrådingane er følgjande
- alle bør ordne seg oppfriskingsdose av kikhoste-vaksine om der er meir enn 10 år sidan sist.
- spesielt bør alle tilsette i barnehagar, legekontor og helsestasjon sørge for å vaksinere seg.
Frøydis Gullbrå, smittevernlege