Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for ski- og fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden i Aurland kommune er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen,Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri
Meir om kommunen og stillinga
Aurland kommune er ein kommune med høg aktivitet der kvardagen som arealplanleggar sjeldan er kjedeleg. Her får du nok av spennande faglege utfordringar. Kommunen består av stupbratte fjellsider og djupe fjordar. Kontrasten mellom naturlandskapet og busetnaden som karrar seg fast i landskapet er det som har gjeve kommunen verdsarvstatus. Her har me landskapsvernområde og fleire naturreservat. Den krevjande og spennande naturen i kommunen gjer faglege utfordringar for ein arealplanleggar. Me er no i gang med rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel og skal i løpet av sommaren starte med rullering av arealdelen. Me har eit innovativt og aktivt næringsliv som har mange spennande prosjekt på gang. Som arealplanleggar i kommunen får du vere med på arbeidet med ny kommuneplan, arbeidet med private planar og andre kommunale planar. Her får du brei erfaring innanfor eit stort fagfelt.
Me har ledig
Kommunen har ledig ei midlertidig stilling som arealplanleggar frå 01.08.22 med varigheit 1 år. Stillinga kan bli lyst ut som fast.
Arealplanleggaren blir organisert i stabsavdelinga forvaltning og utvikling. Avdelinga har ansvar for mellom anna plansakshandsaming, byggesakshandsaming, næringsutvikling og eigarskapsoppfølging.
Avdelinga har tett samarbeid og faste møter med teknisk etat, landbrukskontoret og kultureininga.
Vi tilbyr fleksibel arbeidsstad.
Aurland kommune er knytt til IKT Nordhordland og har mange nye og effektive digitale system. Mange spennande digitale løysingar er på gang i lys av samarbeidet. Det gjeld både digitale fagsystem, digitale kommunikasjonssystem og fagnettverk på tvers av kommunane. Det er mogleg med heimekontor to dagar i veka og kommunen er open for ei fleksibel avtale knytt til bruk av heimekontor.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og rullere kommunale planar, inkludert arbeid med kommuneplanen sin arealdel
- Sakshandsaming av private reguleringsplanar
- Arbeid med reguleringsendringar og dispensasjonar frå arealformål
- Kontakt med andre offentlege instansar, private konsulentar og publikum
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning
- Erfaring med arealplanlegging eller tilsvarande arbeid er ein fordel
- God kjennskap til offentleg sakshandsaming og relevant lovverk. Plan og bygningslova og forvaltingslova er særleg relevante lover.
Personlege eigenskapar
- Er strukturert og effektiv
- Har evne til å sjå heilskap og detaljer
- Har god skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Liker å sette deg inn i nye saker og nye område
- Liker å samarbeide på tvers av fagområde og å arbeide sjølvstendig
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for fleksibel arbeidsstad
- Gratis inngang til treningsrom og symjehall
- Hjelp til å skaffe jobb til partner ved flytting til Aurland
- Hjelp til å skaffe bustad
- Moglegheiter for fagleg utvikling
- Naudsynt opplæring og kursing
- Offentleg tenestepensjonsordning
- Lønn og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande tariffavtale for kommunal sektor
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Krav til språkkunnskapar
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Søknadsfrist 07.06.2022 Utlyst dato 19.05.2022 Vårref 832
Kontaktperson
Anja Marken, Kommuneplanleggjar, mobil: 91376525, anja.marken@aurland.kommune.no