Hovudmål
Innbyggarane og besøkjande i Aurland skal vernast mot brann og ulukker gjennom:
Innbyggarane og besøkjande i Aurland skal vernast mot brann og ulukker gjennom:
- Brannførebyggjande tenester
- Feie og tilsynstenestar i bustader
- Sakshandsaming i saker som gjeld Brannloven
Kva er tenesta?
Innbyggjarane skal vernast mot brann og ulukker gjennom
a) Brannførebyggjande tenester
b) Brannberedskap
a) Brannførebyggjande tenester
b) Brannberedskap
c) Feiartenester
d) Sakshandsamar i saker som gjeld Brannloven
d) Sakshandsamar i saker som gjeld Brannloven
Kven gjeld tenesta for?
Alle fastbuande og andre som mellombels oppheld seg i Aurland samt alle verksemder.
Innhaldet i tenesta
BRANNFØREBYGGJANDE:
· Tilsyn i særskilte brannobjekt. Aurland kommune har svært mange slike objekt. Har like mange som ein gjennomsnittskommune på 15000 innbyggarar.
· Opplæring og kursing eksterne kurs som grunnleggjande brannvernopplæring, sløkkjeøvingar, evakueringsøvingar m.m.
· Informasjonstiltak og rettleiing om brannførebygging og brannteknikk.
· Motivasjonstiltak og rettleiing om brannførebygging og brannteknikk.
· Bruk av fyrverkeri
· Informasjons- og motivasjonstiltak for barnehagar, skular og andre etter kapasitet.
· Handsløkkjarar (Pulverapparat, skumapparat, Co2 apparat og husbrannslangar m.m) - Kontroll, service og sal.
· Sakshandsaming av søknader om oppbevaring av brannfarlige- og eksplosive varer
· Sakshandsaming av søknader om sal og bruk av fyrverkeri.
· Sakshandsaming av søknader om løyve til tidsavgrensa tilstelingar.
· Søknadsskjema om løyve til Jonsok og Olsokbål kan ein få ved å venda seg til kundetorg, eller elektronisk ved å gå inn på heimesida www.aurland.kommune.no Løyve vert gjeve av kommunetorget.
· Anna sakshandsaming.
· Sakshandsaming av ureiningsaker etter arbeidstid sjå elles tenesterklæring for teknisk eining.
FEIING:
· Feiing – lovbestemt kvart 4.år
· Informasjon om rett bruk av fyring og informasjon om brannførebyggjande som krav til handsløkkjarar, rømingsvegar og røykvarslarar.
· Tilsyn– lovbestemt kvart 4.år
Sjå elles tenesteerklæring for brannvernet i Aurland kommune beredskap brann/ulukker og kommunal beredskap.
Kva tenesta ikkje omfattar
Tenesta omfattar ikkje konsulentverksemd etter plan og bygningslova og brannlova.
Tenesta omfattar ikkje konsulentverksemd etter plan og bygningslova og brannlova.
Kva kan du forventa av tenesta?
Forskrifta seier minimum feiing og tilsyn for bustadhus kvart fjerde år
I Aurland er det vedteke behovsprøvd feiing og tilsyn.
Behovsprøving kan tilseie oftare feiing.
Dei fleste husa er hittil feia anna kvart år og tilsyn kvart fjerde år.
Alle bygg som er registrerte etter § 13 i Lov om brannvern skal ha særskild tilsyn.
Kva forventar tenesta av deg?
· Eigar av ein kvar bygning (brannobjekt), skal syte for at dette er bygd, utstyrt og vedlikehalde og vert drive i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Bedriftseigarar som har bygg registrerte etter § 13 i Lov om brannvern, skal i tillegg syte for at branntryggleiken er tilfredsstillande dokumentert. Dokumentasjonen skal omfatte tekniske og organisatoriske tiltak, m.a. vedlikehalds- og interne kontrollrutinar.

Kva kostar tenesta?
a) Brannførebyggjande tenester :
som er lovpålagde er gratis.
Andre tenester som råd, rettleiing og enkel informasjon er òg gratis. For meir ressurskrevjande tenester, som gjennomføring av kurs, øvingar og liknande, må det påreknast å betale ein avtalt pris.

b) Feiartenester /tilsyn
som er lovpålagde er dekka av feie og tilsynsavgifta, som inneber tilsyn av bustad, feiing av skorsteinar og tilsyn med fyringsanlegg.
Storleiken på feie og tilsynsavgifta vert fastsett av Kommunestyret kvart år og kan lesast på tilsend faktura for kommunale avgifter. Ein kan òg få opplyst om dette ved å venda seg til kommunen sitt kommunetorg.
Feiing av skorsteinar i hytter er frivillig. Kommunen feier desse mot betaling. Eigaren tek då kontakt med brannvernet eller kommunetorget og tingar feiing.

Dette kan gjerast fast eller for det aktuelle året.
c) Sakshandsaming i saker som gjeld Lov om vern mot brann og Lov om forureining (akuttsaker). Saker utanom arbeidstid.
Korleis kan du nå oss?
Brannførebyggjande og sakshandsaming ring tlf. 57 63 29 10.
Søknader etter lov om vern mot brann – søknad om oppbevaring av brannfarleg vare, oppbevaring av eksplosiv vare , søknad om sal av fyrverkeri, søknad om løyve til tidsavgrensa tilstelingar, søknad om løyve til jonsok og olsokbål m.m.
Feiing og tilsyn av bustader.
Det vert informert om kva tid dette skal skje 1-3 dagar i førvegen og dersom tida ikkje høver kunden ringer kunden for å avtale ny tid. Mobilnummer til feiaren finn du på feie og tilsynslappen.
Ureiningssaker ring 57 63 29 10 på dagtid og 57 63 29 05 etter arbeidstid.
Lovgrunnlag/klagerett
Lov av 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven), jf. :
o Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn
o Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen
o Forskrift om brannfarlig vare
o Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff
Lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) kap. 6.
Forvaltningsloven.

Kvar kan du klaga?
Klager på vedtak skal sendast skriftleg til Aurland Kommune ved Brann og Kommunal Beredskap.
Besøksadresse:
Aurland Rådhus
Postadresse: Brann og Kommunal Beredskap
5745 Aurland
Telefon/telefaks: 57 63 29 10 / 57 63 29 01
Epost: post@aurland.kommune.no