Teknisk vakt/brannvakt: 95 98 46 00
Naudnummer: 110
Aurland brannvern skal på kort varsel rykkja ut ved brann, trafikkuhell og andre akutte hendingar. Brannvesenet er bygd opp etter forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen som bygger på tal innbyggarar og type risiko ein har i kommunen. Brannvesenet har ikkje kasernert vakt, men er basert på utkallingsmannskap som er tilsett på deltid.
Andre arbeidsoppgåver for brannvesenet er:
-
førebyggjande arbeid som feiing og tilsyn i bustader
-
tilsyn i særskilte brannobjekt
-
informasjon og brannøvingar til publikum
Feiing og tilsyn i bustader
Kommunen har ikkje eigne feiarar, og kjøper tenestene eksternt.
Bustadar får tilbod om feiing annakvart år, og tilbod om tilsyn kvart fjerde år. Før feiing og tilsyn vert bustadeigar varsla med lapp i postkassa.
Oversikt over feie og tilsynsgebyr
Alle bustader der det er kopla omn til pipe er pålagt kommunal feiing. Det er eigar/brukar sitt ansvar at fyringsanlegget er intakt og verkar som det skal. Eigar/brukar pliktar å sikre at tilfredstillande tilkomst opp til og på tak, inn til sotluke og eventuelt feieluke på loft er utført etter gjeldande lover og forskrifter.
Frå og med 1.1.2016 gjeld same krav for feiing og tilsyn også for fritidsbustader.
Aksjon bustadbrann
I desember gjennomfører brannvesenet Aksjon Bustadbrann, der brannvesenet besøker bustadar i kommunen og tilbyr ein gjennomgang av branntryggleiken i heimen.
Tilsyn i særskilte brannobjekt
Særskilt brannobjekt er eit brannobjekt som fell inn under § 13 i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulukker (brannlova). Dette er byggverk der brann kan medføra tap av mange liv eller store skader på helse, miljø eller materielle verdiar. Kommunen identifiserer og fører tilsyn med desse objekta.
Tilsyn er kontroll og oppfølging av brannobjekt for å sjå til at krav i brannlova med forskrifter, samt internkontrollforskrifta, vert halden. Ordinært tilsyn inneber ei vurdering av alle tilhøve som kan påverka risikoen for brann og om dei tiltaka som er iverksatt for å avgrensa konsekvensane ved ein eventuell brann er tilstrekkelege. Det vert også stilt ein del bestemte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekt.
Eigarar av bygningar skal syte for naudsynte sikringstiltak for å førebyggja og avgrensa brann, eksplosjon eller anna ulykke. I tillegg til eigarar har også brukarar plikt til å syte for å halde bygningstekniske konstruksjonar og ulike tryggleiksanlegg i forsvarleg stand.
Kommunen melder vanlegvis tilsynet på førehand, men også uanmeld tilsyn kan gjennomførast. Brannvesenet vurderer då alle tilhøve som har relevans for branntryggleiken - både tekniske og organisatoriske tiltak. Dersom tiltaka ikkje vert vurdert som tilstrekkelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytte andre reaksjonsmidlar.
Tilsynsfrekvensen vert særskilt vurdert etter risiko.
Kommunal beredskap i Aurland - tenesteerklæring
Hovudmål
Den kommunale beredskapen skal sikra at viktige samfunnstenester fungerer i ein krisesituasjon. Dette gjeld mellom anna lokal infrastruktur og informasjon til innbyggjarane.
- Omstilling til å møta ein uønskt situasjon kan skje raskt og effektivt.
- Militæret vert sikra naudsynt sivil støtte.
- Innbyggjarar i kommunen får dekka sine naudsynte behov.
- Liv og helse vert verna.
- Ein opprettheld størst mogleg grad av sjølvforsyning.
- Kriseleiinga skal til ein kvar tid vera i stand til på ein effektiv og sikker måte, å kunna leia organisasjonen i ein krisesituasjon.
- Liv og helse vert verna ved at:
- Vatn og elkraft vert sikra til institusjonar og innbyggjarar i kommunen.
- Kommunikasjonar vert oppretthaldne.
- Det til ei kvar tid er tilrettelagt og tilgjengeleg ressursar som på ein kjapp og effektiv måte kan nyttast i ein krisesituasjon.
- Materielle verdiar ikkje går tapt.
Statsforvaltaren er overordna kommunane når det gjeld kommunal beredskap.
Sivilforsvarsloven
- Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn
- Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen
- Forskrift om brannfarlig vare
- Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff
Brannvernet i Aurland kommune brannførebyggjande - tenesteerklæring
Innbyggarane og besøkjande i Aurland skal vernast mot brann og ulukker gjennom:
- Brannførebyggjande tenester
- Feie og tilsynstenestar i bustader
- Sakshandsaming i saker som gjeld Brannloven
a) Brannførebyggjande tenester
b) Brannberedskap
d) Sakshandsamar i saker som gjeld Brannloven
- Tilsyn i særskilte brannobjekt. Aurland kommune har svært mange slike objekt. Har like mange som ein gjennomsnittskommune på 15000 innbyggarar.
- Opplæring og kursing eksterne kurs som grunnleggjande brannvernopplæring, sløkkjeøvingar, evakueringsøvingar m.m.
- Informasjonstiltak og rettleiing om brannførebygging og brannteknikk.
- Motivasjonstiltak og rettleiing om brannførebygging og brannteknikk.
- Bruk av fyrverkeri
- Informasjons- og motivasjonstiltak for barnehagar, skular og andre etter kapasitet.
- Handsløkkjarar (Pulverapparat, skumapparat, Co2 apparat og husbrannslangar m.m) - Kontroll, service og sal.
- Sakshandsaming av søknader om oppbevaring av brannfarlige- og eksplosive varer
- Sakshandsaming av søknader om sal og bruk av fyrverkeri.
- Sakshandsaming av søknader om løyve til tidsavgrensa tilstelingar.
- Søknadsskjema om løyve til Jonsok og Olsokbål kan ein få ved å venda seg til kundetorg, eller elektronisk ved å gå inn på heimesida www.aurland.kommune.no Løyve vert gjeve av kommunetorget.
- Anna sakshandsaming.
- Sakshandsaming av ureiningsaker etter arbeidstid sjå elles tenesterklæring for teknisk eining.
- Feiing – lovbestemt kvart 4.år
- Informasjon om rett bruk av fyring og informasjon om brannførebyggjande som krav til handsløkkjarar, rømingsvegar og røykvarslarar.
- Tilsyn– lovbestemt kvart 4.år
Tenesta omfattar ikkje konsulentverksemd etter plan og bygningslova og brannlova.
Bedriftseigarar som har bygg registrerte etter § 13 i Lov om brannvern, skal i tillegg syte for at branntryggleiken er tilfredsstillande dokumentert. Dokumentasjonen skal omfatte tekniske og organisatoriske tiltak, m.a. vedlikehalds- og interne kontrollrutinar.
som er lovpålagde er gratis.
Andre tenester som råd, rettleiing og enkel informasjon er òg gratis. For meir ressurskrevjande tenester, som gjennomføring av kurs, øvingar og liknande, må det påreknast å betale ein avtalt pris.
som er lovpålagde er dekka av feie og tilsynsavgifta, som inneber tilsyn av bustad, feiing av skorsteinar og tilsyn med fyringsanlegg.
Storleiken på feie og tilsynsavgifta vert fastsett av Kommunestyret kvart år og kan lesast på tilsend faktura for kommunale avgifter. Ein kan òg få opplyst om dette ved å venda seg til kommunen sitt kommunetorg.
Feiing av skorsteinar i hytter er frivillig. Kommunen feier desse mot betaling. Eigaren tek då kontakt med brannvernet eller kommunetorget og tingar feiing.
c) Sakshandsaming i saker som gjeld Lov om vern mot brann og Lov om forureining (akuttsaker). Saker utanom arbeidstid.
o Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn
o Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen
o Forskrift om brannfarlig vare
o Forskrift om håndtering av eksplosjonsfarlig stoff
Lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) kap. 6.
Forvaltningsloven.
Beredskap brann og ulykker i Aurland kommune - tenesteerklæring
Hovudmål
Brannvernet i Aurland skal vera innsatsstyrke ved akutte ulukkessituasjonar for å sikra menneske, dyr, miljø og materielle verdiar.
Kva er tenesta?
Vera innsatsstyrke ved brannar, ulukker, akutt forureining, samt i andre akutte situasjonar.
Døgnkontinuerlig vakt som også inneheld teknisk vakt og vakt for tryggleiksalarmar.
- Døgnkontinuerlig vakt.
- Bistand ved beredskapsøvingar i institusjonar og bedrifter og kommunale bygg.
- Innsatsstyrke ved brann, trafikkuhell og andre akutte situasjonar.
- Opplæring og kursing interne kurs og øvingar samt kurs for Aurland og Lærdal når det gjeld grunnkurs for deltidspersonell.
- Beredskapsøvingar og evakueringsøvingar for særskilde brannobjekt etter førespurnad og kapasitet.
- Luftfylling av vass- og røykdykkarflasker
- Vasspumping
- Vasskøyring - brønnfylling - spyling
- Bråtebrann
- Utlån av utstyr
- Bålbrenning
- Tryggleiksalarmar
- Teknisk vakt
- Sakshandsaming av ureiningsaker etter arbeidstid sjå elles tenesterklæring for teknisk eining.
Døgnkontinuerlig vakt som i tillegg til brannvakt også inneheld teknisk vakt og vakt for tryggleiksalarmar.
Alle pliktar å vise allmenn aktsemd og opptre på ein slik måte at brann, eksplosjon og anna ulukke vert førebygd.
Kvar og ein pliktar ved brann, eksplosjon eller anna ulukke straks å melda frå til dei som er utsette for fare og ved behov varsle naudalarmeringssentral 110. Det same gjeld ved overhengande fare for ei slik hending.
Alle som oppheld seg nær ein brann, eksplosjon eller anna ulukke pliktar etter evne å gjere det som er muleg for å avgrense skadeverknadene.
Ved akutt forureining skal utgiftene dekkast av den som forureinar, heimla i lov om forureining.
Lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall Forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen
o Forskrift om brannfarlig vare Lov av 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven).
o Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn
o (forurensningsloven) kap. 6.