Omsyn til samfunnstryggleika er forsterka i ny Plan- og bygningslov, med krav om risiko- og sårbarheitsanalysar ved utarbeiding av planar for utbygging jf §4-3. Føremålet er å gje grunnlag for å førebyggja risiko for skade og tap av liv, helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdiar m.m. Kommunen som planmyndigheit har ein plikt til å sjå til at ROS-analysar vert gjennomført for eit planområde.
Når det vert knytt fare, risiko eller sårbarheit til visse areal, eller bestemt bruk av areal, vert dette markert i kommuneplanens arealdel og reguleringsplanar. Dette vert gjort ved bruk av omsynssoner og føresegner.
Ta gjerne kontakt med plansjef Ingunn B. Skjerdal for meir informasjon. For overordna ROS, informasjon om skredprosjekt osv, kan rådgjevar Bjørn Sture Rosenvold kontaktast.