Detaljregulering skal fylgje opp og konkretisera overordna arealdisponering i kommuneplanens arealdel eller områderegulering. Dette er ein plan for bruk og vern av mindre område, og for utforming, bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Detaljregulering er planforma for gjennomføring av utbyggingsprosjekt og tiltak, vernetiltak og sikring av slike typer verdiar.
Forskrift om konsekvensutgreiing §§ 2 og 3 gjev ei nærare klargjering av kva planar og tiltak som utløyser krav om konsekvensutgreiing etter Plan- og bygingslova § 4-2.
Det er innført ein femårs frist for igangsetting av gjennomføring av detaljregulering som er fremma med bakgrunn i eit privat forslag, jf § 12-4, 5. ledd.