Handlingsdel er heimla i Plan og bygningslova jf. § 11, om kommuneplan. Handlingsdel vert omtala som ”konklusjonen på korleis kommuneplanen skal fylgjast opp”. I planen skal det vera fokus på utfordringar og anbefalte planar som skal utarbeidast, samt prosjekt og einkeltsaker, dei neste 4 åra.
Plan og bygningslova § 11 - Kommuneplan: …”Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som angir hvordan planen skal følges opp de fire påfølgende år eller meir, og revideres årlig. Økonomiplanen etter kommuneloven § 44 kan inngå i handlingsdelen”.
Gjeldande Handlingsdel med økonomiplan for dei neste 4 åra, vil til ein kvar tid ligge tilgjengeleg på heimsida, under "planar/prosjekt".
For meir informasjon om Handlingsdel med økonomiplan, kan ein ta kontakt med rådmann, plansjef Ingunn B. Skjerdal, rådgjevar Steve Elgåen eller økonomisjef Reidar Johnsen, som er ansvarlege for utarbeiding av planen.