Omsyn i planlegginga

Plan- og bygningslova gjeld for all samfunnsplanlegging, for arealstyring og byggesakshandsaming i Aurland kommune.

Lova si formålsbestemmelse §1-1 seier noko om dei overordna omsyn som skal ivaretakast. Einskilde prinsipp og omsyn er særskilt framheva:

  • Berekraftig utvikling
  • Samordning
  • Openheit, forutsigbarheit og medverknad
  • Langsiktigheit
  • Universell utforming
  • Barn og unges oppvekstvilkår
  • Estetisk utforming av omgjevnadane

Ein del viktige oppgåver og omsyn i planlegginga er også gjeve i §3-1 Oppgåver og omsyn i planlegging etter lova:

"Innenfor rammen av § 1-1 skal planer etter denne lov:
a) sette mål for den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklingen i kommuner og regioner, avklare samfunnsmessige behov og oppgaver, og angi hvordan oppgavene kan løses
b) sikre jordressursene, kvaliteter i landskapet og vern av verdifulle landskap og kulturmiljøer
c) sikre naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøvelse og samfunnsliv
d) legge til rette for verdiskaping og næringsutvikling
e) legge til rette for god forming av bygde omgivelser, gode bomiljøer og gode oppvekst- og levekår i alle deler av landet
f) fremme befolkningens helse og motvirke sosiale helseforskjeller, samt bidra til å forebygge kriminalitet
g) ta klimahensyn gjennom løsninger for energiforsyning og transport
h) fremme samfunnssikkerhet ved å forebygge risiko for tap av liv, skade på helse, miljø og viktig infrastruktur, materielle verdier mv.

Planleggingen skal fremme helhet ved at sektorer, oppgaver og interesser i et område ses i sammenheng gjennom samordning og samarbeid om oppgaveløsning mellom sektormyndigheter og mellom statlige, regionale og kommunale organer, private organisasjoner og institusjoner, og allmennheten.

Planleggingen skal bygge på økonomiske og andre ressursmessige forutsetninger for gjennomføring og ikke være mer omfattende enn nødvendig.

Planer skal bidra til å gjennomføre internasjonale konvensjoner og avtaler innenfor lovens virkeområde.

Vedtatte planer skal være et felles grunnlag for kommunal, regional, statlig og privat virksomhet i planområdet."

Opplistinga av omsyn som kjem i tillegg til dei som er nemnt i føremålsparagrafen §1-1 og er ikkje uttømmande i høve til dei omsyn som skal ivaretas i planlegginga etter lova.

Mål og rammer for den nasjonale arealpoltikken vert i tillegg formidla gjennom stortingsmeldingar, rikspolitiske retningslinjer og rundskriv. Desse mål og rammer skal leggast til grunn for kommunen, fylkeskommunen og statlege fagmyndigheiter i deira planlegging og forvaltning.

 

Kommunen sine planoppgåver

Aurland kommune er etter Plan- og bygningslova forplikta til å driva løpande kommuneplanlegging med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga. Det er kommunen som ut i frå ein heilhskapsvurdering bestemmer bruk og vern av areala innanfor kommunegrensa.

Før kommunen føretek dei endelege avvegingar mellom ulike interesser, skal Plan- og bygningslova sine bestemmelsar om medverknad i planlegginga vera fylgt. Ein effektiv planlegging føreset ein tidleg kontakt og godt samarbeid frå kommunen sin side, både med private lokale interesser og med statlege og fylkeskommunale organ under utarbeiding av planane.

Planlegginga skal vera i tråd med viktige nasjonale og regionale mål, rammer og retningslinjer. Kommunen skal vidare syte for at det føreligg eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag før vedtak vert gjort.

Kommunen kan eigengodkjenna planane dersom det ikkje føreligg motsegn frå statlege fagmyndigheiter, fylkeskommune eller nabokommune.

 

 Regionale myndigheiter

Regionale myndigheiter som er lista opp nedanfor, er sett til å ivareta ein rekke interesser når det gjeld bruk og vern av areala i Aurland kommune. Fylkeskommunale og statlege fagetatar har rett og plikt til å rettleia i planlegginga i kommunane. Aurland kommune har på sin side plikt til å søka samarbeid med regionale myndigheiter, og innhenta uttale der ein myndigheits fagområde vert berørt. Dersom andre fagorgan og offentlege instansar vert råka av planarbeidet, må desse også trekkast inn i planarbeidet.

  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ved Landbruksavdelinga og Miljøvernavdelinga
  • Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved Plan og samfunnsavdelinga og Kulturavdelinga
  • Statens Vegvesen Region Vest
  • Jernbaneverket
  • Norges vassdrags- og energiverk(NVE), Region Vest
  • Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum
  • Direktoratet for mineralforvaltning
  • Riksantikvaren
  • Poltidistrikta
  • Mattilsynet
  • Forsvarsbygg
  • Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap
  • Biskopene/bispedømmeområda
  • Andre kommunar(nabokommunar)