Kommuneplanens samfunnsel skal handsame langsiktige utfordringar, då med tanke på miljømessige utfordringar og utfordringar knytt til universell utforming, mål og stategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon, for sektorane og for utvalgte målgrupper. Planen bør innehalde ein beskriving og vurdering av alternative strategiar for samfunnsuvikling, sektorane si verksemd og langsiktige arealbehov, og ta stilling til kva strategi kommunen vil legge til grunn. Føremålet med det siste er å skildre samanhengen mellom dei langsiktige mål og strategiar som vert trekt opp i samfunnsdelen, og dei fysiske konsekvensane. Arealstrategien i den kommunale planstrategien vil vera ein viktig premiss i for samfunnsdelen fordi den har innverknad for utviklinga av samfunnstjenestene i kommunen.
Samfunnsdelen gjev grunnlag for konkrete prioriteringar, og bidreg til betre løysingar og gjev meir forutsigbare rammevilkår både for sektorane og for innbyggjarane i kommunen.
Kommunen skal kvart 4 år vurdera om det er behov for endringar i kommunale styringsdokument, då inkludert samfunnsdelen.
Vedteken kommuneplan for Aurland, med samfunnsdel og arealdel er tilgjengeleg på Aurland kommune sine heimesider, under "planar og prosjekt".
Ta gjerne kontakt med plansjef Ingunn B. Skjerdal for meir informasjon.