- Kvifor gjennomførar me byggtilsyn?
- Når gjennomføre me eit tilsyn?
- Korleis gjennomfør me eit tilsyn?
- Kva gjer kommunen dersom me finn avvik?
- Klagerett
Kvifor gjennomførar me byggtilsyn?
Målet med byggetilsyn er for å sikkra bygg med god kvalitet og for å sikra at det ikkje pågår regelbrudd.
Regelmessig tilsyn vil bidra til økt seriøsitet, økt tillit til ansvarsrettssystemet og redusert kostnad i byggeprosessen. Tilsynet vil også gi ein betre dialog mellom kommunen og føretaket.
Når gjennomføre me eit tilsyn?
Kommunene kan gjennomføre eit tilsyn når som helst i løpet av ei byggesak, og inntil fem år etter ferdigattest. Dette kan skje på vårt eige iniativ, eller på bakgrunn av melding frå andre. I dei fleste tilfelle vil du bli varsla på førehand.
Korleis gjennomfør me eit tilsyn?
Me kan gjennomføra tre typar tilsyn i samband med byggesaker.
Byggeplasstilsyn
Ved eit byggeplasstilsyn vil me komme ut på byggeplassen for å sjå om utbyggar føl byggeløyvet og reglane i plan- og bygningslova.
Dokumenttilsyn
I eit dokumenttilsyn vil me be om å få tilsendt dokumentasjon. Dokumentasjonen må vise at løysingane for eit fagområde oppfyller krava i plan- og bygningslova.
Føretaktilsyn
Under eit føretakstilsyn vil me kontrollera at eit ansvarleg føretak har eit styringssystem som tilfredsstiller krava i lov og forskrift. Tilsynet gjennomførast som regel ved at me kallar føretaket inn til oss.
Kva gjer kommunen dersom me finn avvik?
Dersom det blir funne avvik kan me følgje deg opp på forskjellige måtar. Reaksjonane frå kommunen kan vera:
- Ein advarsel
- Krevja uavhengig kontroll
- Krevja at avviket rettas
- Trekka tilbake ansvarsrettar
- Krevja stans i arbeidet fram til avviket er retta
- Lovbrotsgebyr
Klagerett
Innkalling og gjennomføring av tilsyn kan du ikkje klage på. Vedtak om krav og sanksjoner kan derimot klagast på.
Sjå informasjon om klage: Sei din meining og klagerett