Me oppmodar vi flest mogleg å bruke eDialog når dei skal sende noke til Aurland kommune, også når innhaldet ikkje er unnateke offentlegheit.
Klikk her for å sende inn post via eDialog
For å bruke tenesta, må du logge på med ID-porten, til dømes MinID, BankID.
Slik fyller du ut skjemaet:
- Vel om du er privatperson (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
- Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
- Tittel: Gi god omtale av kva sendinga gjeld her og gjerne arkivsaknummeret om dette er kjent.
- Kommentar: Gi eventuelt ei utfyllande skildring av sendinga di.
- Husk å laste opp relevante vedlegg som (inntil videre) må være i PDF-format. Du omgjør et Word-dokument til PDF ved å velge "Lagre som" og deretter filtype PDF. LibreOffice og OpenOffice har egen knapp på verktøylinja som heter "Eksporter til PDF".
- Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og sendt direkte til kommunen sin digitale postkasse.
- Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga
Du skal ikkje bruke eDialog hvis:
- Kommunen har elektroniske skjema til føremålet, f.eks. søknad om barnehageplass, søknad om stilling mm.
- Du har generelle førespurnader. Då kan du sende e-post til post@aurland.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring for eDialog
eDialog er ei fellesløysning utvikla av KS på vegne av kommunesektoren. Det er utarbeida ein tilgjengelegheitserklæring for eDialog.