Listeframlegg til kommunestyrevalet 2023
Frist for listeframlegg er 31. mars kl. 12.00.
Parti og grupper som ynskjer å stille ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023 må ha levert listeframlegg til valstyret i kommunen eller fylkeskommunen der dei ynskjer å stille til val innan 31. mars klokken 12.00.
Dette er ei absolutt frist. Lister som kjem inn etter dette tidspunktet er for seint innlevert.
Her kan du lese meir om listeframlegg: Listeforslag - Valgdirektoratet
Elektronisk listeframlegg
Valdirektoratet har utvikla ei elektronisk løysing for å opprette listeframlegg, samle inn underskrifter og levere listeframlegget ved kommunestyre- og fylkestingsvalet.
Dette kan du lese meir om her: Opprette elektronisk listeforslag - Valgdirektoratet
Kommunen oppmodar til bruk av den elektroniske løysinga – det gjer prosessen enklare, men fyl same regelverk og fungerar på same måte som papirløysinga.
Gå direkte til oppretting av elektronisk listeframlegg til kommunestyrevalet i Aurland kommune her: Listeforslag (valg.no)
Listeframlegg til ettersyn
Her kjem listeframlegg til ettersyn etterkvart som dei kjem inn til kommunen.
Listeframlegg for Senterpartiet
Listeframlegg frå Arbeidarpartiet
Listeframlegg frå Miljøpartiet dei Grøne
Informasjon om gjennomføring av valet
Kommunestyre- og Fylkestingsvalet 2023
Den 11. september 2023 er det kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg.
Informasjon om manntal
For å kunne røyste ved valet, må du stå oppført i manntalet i ein kommune.
Veljarar busette i Noreg
Alle personar med røysterett blir automatisk ført i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busette per 30. juni 2023. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 1. juli, er du registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.
Veljarar busette i utlandet
Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert som busett og med røysterett i Noreg i løpet av dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.
Tid og stad for utlegging av manntalet i Aurland
Manntalet for heile kommunen vert lagt ut i midten av juli i resepsjonen på rådhuset. Lista vert liggande ute fram til valdagen.
Du kan kontrollere at du står oppført der, enten ved å møte opp eller ved å ringje til sentralbordet på 57 63 29 00. Om du ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du klage skriftleg per post til Aurland valstyre, Vangen 1, 5745 Aurland, eller e-post til post@aurland.kommune.no
Valkort
Valkortet er ei påminning om at du også har stemmerett. På valkortet står det også kvar du kan stemme valdagen.
I år vert valkortet sendt til di digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du har reservert deg mot, eller ikkje nyttar digital informasjon frå det offentlege får du valkortet ditt tilsendt på papir.
Ta med deg valkortet når du skal røyste! Det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det går raskare for deg. Har du ikkje motteke valkort, mista eller gløymt det, får du likevel røyste.
NB! Ta med gyldig legitimasjon i tillegg.
Tidlegrøysting
Du kan røyste frå 3. juli dersom du ikkje har høve til å gjere det i den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen.
I perioden 3. juli til og med 9. august må du kontakte kommunen på telefon 57 63 29 00 og avtale tid for å røyste. Røystelokalet er på rådhuset.
Ordinær førehandsrøysting
Den 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga. Du kan røyste på førehand til og med 8. september.
Lokalet til førehandsrøystinga er rådhuset, med slike opningstider:
Tysdag 10.august til og med fredag 8.september: 08.00-15.30
Det vert også ope for å førehandsrøyste:
Laurdag 2. september: 10.00 – 15.00
Torsdag 7. september: 08.00 – 20.00
I tillegg vert det høve til å førehandsrøyste på jordbrukskulen og helsetunet med slike opningstider:
Sogn Jord- og hagebruksskule måndag 4. september frå kl. 10.00-11.30
Aurland helsetun tysdag 5. september frå kl. 12.00 – 14.00
Ambulerande røysting
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uføre ikkje har høve til å førehandsrøysta i rådhuset kan søkje valstyret om å få førehandsrøysta i heimen/der dei oppheld seg. Søknaden treng ikkje vere skriftleg, du kan ringe 57 63 29 00. Kontaktpersonar: Beathe Stentvedt / Anne-Mari Samskott.
Frist fredag 8. september kl. 10.00.
Informasjon om tid og stad for røysting valdagen 11. september (og 10. september i Vangen krins) kjem i neste utgåve av Aurlendingen. Sjå også nettsida til Aurland kommune for informasjon om valet på www.aurland.kommune.no.
Tidlegrøysting
Du kan røyste frå 3. juli dersom du ikkje har høve til å gjere det i den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen.
I perioden 3. juli til og med 9. august må du kontakte kommunen på telefon 57 63 29 00 og avtale tid for å røyste. Røystelokalet er på rådhuset.
Manntal til ettersyn
Manntalet for Aurland kommune er lagt ut til ettersyn i resepsjonen på rådhuset. Du kan kome innom på rådhuset, eller ringe på
telefon 57 63 29 00 for å kontrollere at du står i manntalet.
For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du stå oppført i manntalet i ein kommune.
Alle personar med røysterett blir automatisk førte i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busette per 30. juni 2023. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 1. juli, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.
Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert som busett og med røysterett i Noreg i løpet av dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.
Dersom du meiner det er feil eller manglar ved manntalet, må du gje melding til valstyret. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve, og skal sendast til:
Valstyret i Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland
Søknadsskjema for innføring i manntalet finn du her: søknadsskjema
Førehandsrøysting
Torsdag 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga, og varar til og med 8. september.
Lokalet til førehandsrøystinga er rådhuset, med slike opningstider:
Torsdag 10. august til og med fredag 8. september: 08.00-15.30
Det vert også ope for å førehandsrøyste:
Laurdag 2. september: 10.00 – 15.00
Torsdag 7. september: 08.00 – 20.00
Ta med legitimasjon med bilete når du møter fram for å førehandsrøyste.
Viss du har fått tilsendt valkort, antan på papir eller elektronisk bør du ta med dette også, sjølv om det ikkje er noko krav for å få førehandsrøyste. Har du spørsmål om valkortet så ta kontakt med din kommune.
I tillegg vert det høve til å førehandsrøyste på jordbrukskulen og helsetunet med slike opningstider:
Sogn Jord- og hagebruksskule måndag 4. september frå kl. 10.00-11.30
Aurland helsetun tysdag 5. september frå kl. 12.00 – 14.00
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uføre ikkje har høve til å førehandsrøysta i rådhuset kan søkje valstyret om å få førehandsrøysta i heimen/der dei oppheld seg. Søknaden treng ikkje vere skriftleg, du kan ringe 57 63 29 00. Kontaktpersonar: Beathe Stentvedt / Anne-Mari Samskott.
Frist fredag 8. september kl. 10.00.
Informasjon om tid og stad for røysting valdagen
Aurland kommune har to-dagarsval, søndag 10. september og måndag 11. september.
Alle som har røysterett og står i manntalet kan røyste. Du kan sjølv velje kva vallokale du vil røyste i, uavhengig kva krins du er manntalsført.
Opningstider mandag 11. september er:
Vangen krins, Aurland Rådhus, 09:00 – 20:00
Vassbygdi krins, Messa, E-CO, 12:00 – 19:00
Flåm krins, Flåm skule, 12:00 - 19:00
Undredal krins, Undredal Ungdomshus, 12:00 - 19:00
Skjerping krins, Gamle Gudvangen Hotell: 12:00 - 19:00
Vangen krins har også røystetid sundag 10. september på Aurland Rådhus, 14:00 – 18:00
Kva treng du for å røyste?
Du må ha legitimasjon med bilete når du møter fram for å røyste.
Oversikt over folkevalde og vara til kommunestyret 2023-2027
Liste over kommunestyret med vara 2023-2027:
Miljøpartiet Dei Grøne
1. |
Unni Kristin Underdal |
Representant |
2. |
Kristoffer Ullern Hansen |
1. vara |
3. |
Monica Gjesdal Larsen |
2. vara |
4. |
John Håland |
3. vara |
5. |
Lars-Ole Furnes Henriksen |
4. vara |
Høgre
|
Johannes Dalsbotten |
Representant |
|
Frode Magne Haaland Bekkestad |
Representant |
|
Monica Finden |
Representant |
|
Noralv Distad |
Representant |
|
Per Olav Bøe |
Representant |
|
Egil Hoff |
1. vara |
|
Leif Turlid |
2. vara |
|
Eirik Sønnerheim |
3. vara |
|
Tor-Bjørn Hylland |
4. vara |
|
Olav Hylland |
5. vara |
|
Pernilla Eva Johnsson |
6. vara |
|
Caroline Flæthe Dalsbotten |
7. vara |
|
Anders Jarle Johansen |
8. vara |
Arbeidarpartiet
|
Kjell Bøe Bjørgum |
Representant |
|
Therese Turlid |
Representant |
|
Per Are Flåm |
Representant |
|
Tor Olavson Skjerdal |
Representant |
|
Kjetil Turlid |
Representant |
|
Bjørn Ståle Vike |
Representant |
|
Eli Kristin Stave |
Representant |
|
Gro Anita Stentvedt |
1. vara |
|
Elisabeth Grymyr Djønne |
2. vara |
|
Anja Marina Hauståker |
3. vara |
|
Erling Nesbø |
4. vara |
|
Asbjørn Jordalen |
5. vara |
|
Reidun Bøe Bjørgum |
6. vara |
|
Ragnar Vidme |
7. vara |
|
Martin Løland Borlaug |
8. vara |
|
Jannike Iren Skjerdal |
9. vara |
|
Ingunn Jacobsen Ohnstad |
10. vara |
Venstre
|
Terje Horvei |
Representant |
|
Inga Winjum |
1. vara |
|
Trond Mjøs |
2. vara |
|
Leif Inge Underdal |
3. vara |
|
Olav Magne Dyrdal |
4. vara |
Senterpartiet
|
David Underdal |
Representant |
|
Eldrid Kringeland Grønsberg |
Representant |
|
Sigurd Vikesland |
Representant |
|
Ole Kristian Åsarmoen |
1. vara |
|
Terje Hilstad |
2. vara |
|
Jostein Ohnstad |
3. vara |
|
Sturle Ryum |
4. vara |
|
Trude Ragnhild Høiby Underdal |
5. vara |
|
Tor Olav Kvam |
6. vara |