Tid for ROS-vudering
Prosjektet er no inne i ein travel fase, der det skal gjennomførast 4 ROS-vurderingar, og svara de har kome med har vore med på å bidra til å peika ut kva hending vi vel å ROS-vurdere heilt konkret. Vi har gjennomført to vurderingar, og dette har vore svært nyttige dager. Prosjektgruppa har mål om å få gjennomført alle fire vurderingane innan utgangen av oktober.
Kva er ROS-analyse?
ROS står for risko og sårbarheitsanalyse. Hensikten med analysen er å avdekke trugslar for så å kunne setje i verk førebyggjande tiltak. Dette er då ein viktig del av konsekvensutgreiinga som prosjektet skal gjennomføre. Resultat frå ROS-vurderingane skal gje prosjektgruppa peikepinn mot kva tiltak som bør iverksettast.