Statens vegevesen skal starte ei større oppgradering av Lærdalstunnelen for å sikre at tunnelen støttar krava til tryggleik. Arbeidet vil starte i 2026, og til saman vil oppgraderinga ha ei varigheit på fem år. Dei første to- tre åra vil vere prega av stengt tunnel kvar ettermiddag, kveld og natt frå kl. 18.00 til 06.00.
I samband med dette prosjekt skal Aurland kommune lage ein konsekvensutgreiing for å kartleggja kva påverknad tunnelen kan ha for tilsette, kommunale tenester, interne og eksterne aktørar. I neste fase vil me gjennomføre risiko og sårbarheits analyser basert på innspel og kartlegging, slik at prosjektet kan få oversikt over kva tiltak som bør tilrådast for å førebu kommunen best mogleg.
På denne sida kan du følgje prosjektet og utviklinga.