Føremålet med planen er å leggje til rette for ny og sikrare næringskai i Nærøyfjorden, og tilkomst til denne. Tilkomst kan innebere ny veg og industritunnel, med tilhøyrande kryssløysingar. Vidare ser ein på løysingar med ev. fjellhallar for mellomlagring av anortositt og innsegling i fjell. 

Forslagsstillar er Gudvangen Stein AS, som også er ein av grunneigarane. Opus er utførande konsulent for planlegginga.

Informasjon og medverknad:
For nærare informasjon om plansaka, ta kontakt med Opus på e-post/telefon. Innspel til oppstartmelding eller planprograminnan fristen, er første høve til formell medverknad til plan-prosessen. Forslagsstillar ønskjer å leggje til rette for brei medverknad. På grunn av situasjonen med covid, er det førebels ikkje fastsett folkemøte. Ved interesse, ser ein føre seg å legge til rette for digital møtearena. Det opnast òg for utandørs synfaring på smittevernforsvarleg vis. Eventuell interesse for synfaring kan meldast på e-post/telefon til Opus.

Innspel til oppstartsmeldinga:
Innspill som har virkning eller interesse for planarbeidet kan sendes til Opus per brev, e-post, eller elektronisk, via vår nettside.

OPUS Bergen AS
Nordre Nøstekaien 1
5011 Bergen

tlf.: 55 21 41 50
e-post: post@opus.no
www.opus.no via fanen «prosjekter» og kategori «planvarsel»

Vi ber om at innspel refererast til prosjektnummer P20028.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel til Aurland kommune – dette gjer Opus. Alle mottekne dokument, innspel og liknande vert send kommunen, saman med planframlegget.

Frist for innspel er sett til 22. mars 2021

Plandokument

Trykk her for å lese oppstartsvarsel.

Trykk her for å lese planprogrammet.

Trykk her for å lese referat frå oppstartsmøte.