Rustenesta i Aurland kommune er ein del av det psykiske helsearbeidet som er organisert under eininga Helse og førebygging.
Rustenesta, saman med Psykisk helse, har fokus på førebyggande tiltak.
Målet er å gi oppfølging tilpassa den enkelte brukar sitt behov.
Rusarbeidet omfatta mellom anna å gi råd og rettleiing til personar med rusproblematikk, og setje i verk hjelpetiltak slik at ein kan bidra til å komme seg bort frå misbruket.

Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk.

Rustenesta  kan blant anna:

  • hjelpe deg å kartlegge rusproblemet
  • gi hjelp til mestring av rus  gjennom samtalar og rettleiing på kontor eller i heimen
  • gi hjelp til mestring av gjeremål i dagleglivet
  • bidra til auka livskvalitet i kvardagen
  • delta i samarbeid med andre offentlege tenester

Vilkår

Lover og retningslinjer:
Lov om kommunale helse og omsorgstjenester
Pasientrettighetsloven

Pris:
Tenesta er gratis