Sanitærabonnement
Alle som ynskjer tilknytning til kommunale vatn og avlaupstenesta må søkje om sanitærabonnement. Det er ein kvalifisert røyrleggjar som må fylla ut tekniske opplysningar og sende søknaden til kommunen for behandling.
Før me kan setja igang med tilkopling treng me følgjande dokumentasjon
- Søknadsskjema: Signert «Søknad om sanitærabonnement». - Skjemaet skal også nyttast ved melding om reperasjon eller endring på stikkleidningar knytt til bygning. Dette gjeld også ved etablering av nye bustadeiningar/seksjoneringar.
- Erklæring om ansvarsrett for ansvarsområda for avlaupsanlegg (SØK, PRO, UTF).
- Gjennomføringsplan
- Utvending situasjonskart som viser kummer, stoppekran, stikkleidningar frå bygning til og med hovudleidning. Røyrdimenasjonar skal førast på, og leidningane skal teiknast inn med fargar etter NS 3039.
- Ved nybygg skal botnleidningsteikning sendast inn.
- Plan for lokal handtering av overvatn skal teiknast inn på utvendig situasjonskart eller leverast som eige dokument.
I Aurland kommune er det Teknisk eining som er vatn- og avlaupsmyndigheit. Det er Teknisk ved vatn og avlaup som er ansvarleg for å handsamar søknad om sanitærabonnement, og det er difor ein fordel om saka vert sendt inn som ein eigen søknad, og ikkje som del av ein byggesak.
Septiktank
Det er SIMAS som administrerar og utførar tømming av septiktank/slam i Aurland kommune.
Du kan lesa meir om om slamtømming og prisar her.
Ta kontakt med Simas på tlf. 57 65 70 70 om du har spørsmål om tømming av septiktank.
Mobil slamsugebil Birkeland 57 78 11 70
Vakttelefon: 970 10 092 (kun ved ekstra/naudtømming)
Adresse
Postboks 467
6853 Sogndal
Telefon: 576 57 070
E-post: firmapost@simas.no
Miljø- og avfallsstasjon
Adresse
Låvi, 5745 Aurland
Openingstider
Torsdag 12:00 - 18:00
Sjå nettsida til SIMAS for meir informasjon
Renovasjonsruter og avfallskalendar
Gå til informasjon frå SIMAS her
Kommunale avgifter
Oversikt over gebyr på vatn & og avløp
For spørsmål om kommunale avgifter kan du ta kontakt med Anita Fredheim Hylland på tlf 95984621