Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Oppstartsvarsel Detaljreguleringsplan for Hagane

I samband med Statens Vegvesen sin oppgradering av Lærdalstunnelen er Hagane i Vassbygdi valt ut som eit aktuelt område for å deponere massar. I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla om oppstart av planarbeid for Hagane. 

Kart over Hagane i Vassbygdi

Slik sender du inn innspel til ny arealdel

Det er opna for å sende inn innspel til den nye arealdelen til kommuneplanen. Fristen for å sende inn innspel er 30.april 2023. Du kan nytte innspelsskjema til å sende inn innspel.

Illustrasjon frå reshot.com

Prøveboring etter kvikkleire i Flåm

I løpet av dei neste vekene vil det bli gjennomført prøveboring på fleire stader i Flåm. Dette vert gjort i samband med det pågåande arbeidet med områdeplanen for Flåm for å avklare om det finst kvikkleire i grunnen.

Bilde som viser punkta for prøveboringa

Oppstart av arbeidet med ny arealdel og høyring av planprogram

Aurland kommune har starta arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen for Aurland kommune 2024-2034. I første omgang vert planprogrammet - planen for planen, sendt ut på høyring og offentleg ettersyn. 

Utsnitt frå gjeldande arealdel

Fleire område i kommunen er aktuelle som kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse

I Aurland kommune er Aurlandsdalen, Flåmsdalen og verdsarvområdet foreslått som Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse (KULA-område). KULA er eit register utarbeida av Riksantikvaren og skal vere eit kunnskapsgrunnlag som kommunen må ta omsyn til i planlegginga. Riksantikvaren har sendt ut ein rapport som ligg på høyring fram til 18.november og det er mogleg for alle å sende innspel til denne rapporten.

Forside av rapporten Kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse i Sogn og Fjordane

Kontordagar på Flåm cruisekai

I samband med at områdereguleringa for Flåm er lagt ut på høyring, vil kommunen ha eit par opne kontordagar i Flåm. Der kan dei som ynskjer stikke innom for ein prat, med moglegheit for å stille spørsmål til og ytre sine meiningar om planen. 

Områdeplan for Flåm - utsnitt av planområdet