Pakkeforløp heim for pasientar med kreft
Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Gjennom pakkeforløpet skal du som pasient få avdekt dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Ynskjer du kome i betre fysisk form? Evt gå noko ned i vekt?
Ved start av nytt skuleår - der fråværsgrenser igjen er innført i vidaregåande skule, vil Aurland legekontor informere om våre retningslinjer for attestar:
Me treng ferievikarar i perioden 01.06.2022 - 30.09.2022
- helsetun, institusjon
- kjøkken ved helsetunet
- heimebaserte tenester, og eventuelt dagsenter for heimebuande personar med demens.
Me har i dag fått melding om fire positive covid-19 testar i kommunen.
Den eine er hurtigtest frå person som i helga var nærkontakt til smitta. Her sender me også inn PCR-test for verifisering. Dei tre andre er positive PCR-testar – der personar med milde symptom tok test 1. desember. Desse 3 har ukjent smitteveg.
I Aurland kan dei som har fått 2. dose FØR 1. juni 2021 kome på drop-in vaksine for 3. dose ved AIS (samfunnshuset)
torsdag 2.12 kl 09-15, eller torsdag 16.12 kl 09-15.
Helsing smittevernlegen
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst med meir. Aurland er ei naturperle med høge fjell og djupe fjordar med flotte turar og merka toppturar. Om vinteren er det kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Gol og Hemsedal om du vil gå eller stå på ski. Vil du nyte god mat, har vi restaurant, kafe, bryggeri og bakeri.
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.

Regjeringa har bestemt at ei rekkje restriksjonar blir oppheva frå laurdag 25.sept. kl. 16.00